1. Set deg ein karrièreplan
Som nyutdanna kan du ikkje vente å få draumejobben med éin gong. Dess viktigare er det å vere tydeleg på kvar du vil vere om fem, ti og tjue år. Set deg konkrete mål, og jobb for å skaffe deg den erfaringa som tek deg dit.

2. Stå på krava
Når du signerer ein arbeidsavtale, er det viktig at du les gjennom og forstår alt som står der. Kva er ansvarsområda dine? Får du betalt overtid? Kor lang er prøvetida? Ein definert og konkret avtale gjer at du unngår mistydingar i framtida.

Ikkje ver redd for å diskutere løn, sjølv om du er heilt fersk i arbeidslivet. Synast du det det er vanskeleg å argumentere for at du skal ha høgare løn enn det arbeidsgjevaren tilbyr deg? Avtal å reforhandle avtalen om seks månader. Då er du komen skikkeleg inn i jobben og kjenner din eigen verdi.

3. Tenk over pengebruken...
Plutseleg står du der. Med ei flunkande ny 100 prosentstilling og ein lønskonto som er langt fyldigare enn den har vore i tida med Statens Lånekasse. Då er det vel berre å bestille bord på Grand, og kaste nudlane i søpla på vegen ut?

Når pengane rekk til litt meir enn kost og losji, er det på tide å sette opp budsjett. Set grenser for kor mykje du kan bruke på klede, mat, duppedittar og underhaldning kvar månad. Opprett AvtaleGiro på alle faste rekningar, slik at dei blir betalt i tide. Det er naturleg at livsstilen endrar seg når du får meir pengar mellom hendene, men med litt planlegging kan du bruke kronene på noko du verkeleg ynskjer deg.

4. ...men kos deg litt også
Har du høyrt om DINK? Forkortinga står for «Double Income No Kids» og er brukt om dei gyldne åra då ein har to inntekter og ingen barn. For mange er dette den perioden i livet då ein har størst økonomisk fridom.

Er draumen å reise jorda rundt eller ta helikopterlappen? No er tidspunktet er aller best for å ha desse once-in-a-lifetime-opplevingane.

P.S: SINK (Single Income No Kids) er vel så bra!

5. Planlegg for framtida.
Er du i tjue- eller trettiåra verkar det kanskje utopisk, men éin dag er du faktisk pensjonist. Pensjonen frå folketrygda og arbeidsgjevar svarer ofte ikkje til meir enn rundt halvparten av det du tener i dag, så det løner seg å spare ekstra på eiga hand. Eit fast beløp i månaden, så tidleg som mogeleg, kan auke pensjonen din ein god del.

I litt nærare framtid står kanskje rekkehus, småbarn og stasjonsvogn på trappene? I tillegg til å ta jamlege gjennomgangar av økonomien til heile familien, må du sørge for å investere i forsikringar som gjer at du og dine er godt dekt om noko skulle skje.

Velkomen til livet som ung vaksen!