Aksjesparekonto – samle aksjar og fond på ein stad
Med ein aksjesparekonto samlar du alle fonda og aksjane dine på ein stad. Fordelen med aksjesparekonto er at du kan kjøpe og selje aksjar og fond innanfor kontoen, utan å utløyse skatteplikt.

  • et er først når du tek ut avkastninga du må betale skatt.
  • Overfører du aksjane og fonda dine til ein aksjesparekonto innan utgangen av 2017 blir du ikkje skattlagt.
  • Det er gratis å opprette aksjesparekonto og du kan inngå avtale om aksjesparekonto i mobilbanken.

IPS – smart pensjonssparing
Individuell pensjonssparing (IPS) er øyremerka pensjon. Fordelane med IPS er at du ikkje betalar skatt på avkastninga i spareperioden, og at sparesaldoen din er unnateken formueskatt.

  • Med IPS kan du spare inntil 40 000 kroner årleg, og du får 24 prosent av sparebeløpet i frådrag på skatten.
  • Set du inn maksbeløpet på 40 000 kroner får du ein skattefordel på 9 600 kroner.
  • Skattlegging av IPS er symmetrisk. Det tyder at du også skattar 24 prosent når du tar ut pengane som pensjonist.
  • Lurer du på kor mykje du får i pensjon? Sjekk pensjonskalkulatoren vår.

Når bør eg velje kva?
Aksjesparekonto gjer det enklare og meir lønsamt å spare i fond og aksjar. Aksjesparekonto passar for deg som ønskjer å spare med høgare risiko, er interessert i å investere i aksjar og fond, og har eit tidsperspektiv på sparinga di frå til dømes fem til ti år.

Dersom du allereie sparar noko i fond og aksjar, løner det seg å plassere desse i ein aksjesparekonto innan utgangen av 2017.

IPS gjer privat pensjonssparing meir lønsamt, og passar for deg som har eit langsiktig perspektiv, og er villig til å binde opp midlane dine fram til du er 62 år.

Kombiner sparing i aksjesparekonto og IPS
Det smartaste for dei fleste vil vere å kombinere sparing i aksjesparekonto og sparing i IPS. Ved å gjere dette får du sikra lønsam sparing, gunstige skattefordelar og ulike tidsperspektiv på sparinga di.

Har du spørsmål om aksjesparekonto eller IPS – eller treng hjelp til å komme i gang? Kontakt oss.