Masterpass

Masterpass er ei digital lommebok som lèt deg lagre alle bank- og kredittkorta dine på ein stad. Registrer korta dine i Eika Masterpass, så sparer du mykje tid når du handlar i nasjonale og internasjonale nettbutikkar som godtek løysinga

Fordelar

  • Trygg og enkel betalingsløysing
  • Du slepp å fylle inn kort- og adresseopplysningar kvar gong du handlar på nett
  • Du er verna av Mastercard sitt globale betalingsnettverk

Ulemper

  • Blir førebels ikkje støtta av alle nettbutikkar. Sjå etter Masterpass-logoen når du betaler

Klarna Faktura

Vel du å bruke Klarna Faktura får du tilsendt ein faktura når du bestiller noko på nett, og treng dermed ikkje betale for vara eller varene med det same. Bruk Klarna Faktura når du ønskjer å prøve varene før du bestemmer deg.

Fordelar

  • Treng du meir tid til å betale, kan du utsetje i opptil ti dagar
  • Du får betalingspåminningar slik at du hugsar å betale
  • Fakturaen blir oppdatert omgåande med det rette beløpet dersom du berre beheld nokre av varene

Ulemper

  • Purregebyr om du betaler for seint

Paypal

Med ein Paypal-konto held det at du skriv inn e-postadressa og passordet ditt, og som ved all annan netthandel bør du registrere kredittkortet ditt som betalingskort i Paypal. I staden for at pengane går direkte mellom kjøpar og seljar, nyttar ein Paypal som ein trygg tredjepart. Paypal er derfor ei god løysing når du handlar frå privatpersonar.

Fordelar

  • Du treng berre éin konto for å handle på millionar av nettstader over heile verda
  • Kjøparvern er inkludert

Ulemper

  • Det kan kome på gebyr når du handlar i utanlandske nettbutikkar

Vipps

Vipps nyttar ein ikkje lenger berre til vennebetaling, det kan òg nyttast i stadig fleire (norske) nettbutikkar. Bruk Vipps for rask betaling med mobilen.

Fordelar

  • Kjapp løysing i ein app du (sannsynlegvis) allereie har
  • Alle kvitteringane blir samla i appen
  • Ikkje tenk på kortnummer, utlaupsdato og sikkerheitskode – alt du treng er mobilen

Ulemper

  • Denne løysinga blir førebels berre støtta av nokre norske nettbutikkar

Hugs at du bør bruke kredittkortet når du handlar med Vipps, og i alle reise- og betalings-appane du har.


Betale med kort? Bruk kredittkortet

Det enkle er ofte det beste, og dei aller fleste nettbutikkar lèt deg handle direkte med kortet ditt. Då er det tryggaste å bruke kredittkortet.

  • Kredittkortet er ikkje knytt direkte til kontoen din, og du er forsikra mot ID-svindel
  • Reise- og avbestillingsforsikring inkludert
  • Ved manglande levering og konkurs har du gode reklamasjonsrettar som gjer at du får pengane attende
  • Du kan kontrollere alle transaksjonar og sjekke at alt er i orden før du betaler

Signer betalinga med BankID på mobil

Når du betaler direkte med kortet eller med Masterpass signerer du med BankID. Om du ikkje allereie har bytt ut kodebrikka, er det på høg tid:

  • Med BankID på mobil slepp du å hugse på kodebrikka når du er på farten
  • Vipps og andre betalingstenester kjem i aukande grad til å krevje BankID på mobil
  • BankID er uavhengig av mobiloperatør, og du aktiverer løysinga frå nettbanken på nokre få minutt
  • Like sikkert som vanleg BankID – berre enklare