Har du eit blinkskot frå siste ferieturen og ønskjer ta med deg sommarminnet inn i kvardagen? Kvifor ikkje bruke biletet på bankkortet ditt? Så lenge du har høve til å designe ditt eige bankkort, har du stor fridom til å vere kreativ og få akkurat det motivet du vil ha. Anten det er bilete av kona, kjæledyret, bilen eller barna.

Fordi det er litt kult
Frode Rørvik er fagansvarleg for betalingskort og jobbar dagleg med bestillingar av eigendesigna bankkort.

- Vi var ein av dei første bankane som starta opp med dette, og det kjem inn bestillingar kvar einaste dag. Dei mest populære motiva er bilete av familien og kjæledyret, bilen eller motorsykkelen. Folk ønskjer seg eigen design på bankkortet, først og fremst fordi det er litt kult, seier han.

Mange ønskjer seg også kort med bilete av artistar og logoen til favorittlaget. Det lèt seg dessverre ikkje alltid gjere på grunn av strenge reglar om opphavsrett.

- Det er ein del reglar på kva bilete som ikkje kan brukast på kortet. Vi har ikkje tal på kor mange bestillingar vi får inn på kort med Liverpool-logoen, som vi dessverre er nøydde til å avvise. Og vi må heile tida ha oppdatert kjennskap til kjendisar og artistar for å vere på den sikre sida, seier Rørvik med eit smil.

Bruk banken sin kortdesignar
Det er ei enkel sak å lage og bestille bankkort med personleg design. På nettsidene til lokalbanken ligg det eit eige program der du kan laste opp det biletet du ønskjer som motiv på kortet. Der ligg det også eit galleri med førehandsdefinerte bilete du kan bruke dersom du ønskjer det.

Vær merksam på at det også er ein del klare reglar for bruk av eigne bilete. Dei må ikkje innehalde personlege opplysningar, telefonnummer eller tekstar. Du kan ikkje bruke bilete av andre personar utan eksplisitt godkjenning frå desse, eller bilete av nakne elle halvnakne vaksne og barn.

Innanfor ramma av regelverket er det likevel berre fantasien som set grenser for korleis du kan designe det neste bankkortet ditt. Og ikkje minst kan det vere ein morosam idé dersom du skal gi eitt av barna sitt første bankkort.