Dei neste månadene reiser millionar av nordmenn på sommarferiar i inn- og utland. Dei aller fleste av oss vender heim utkvilte, solbrune og lukkelege – men dessverre er det alltid ein risiko for tjuveri og tap av bagasje. Kva forholdsreglar bør vi eigentleg ta før vi dreg på ferie? For å finne ut av det, tok vi ein prat med Heidi Moe Lund, salssjef i Eika Forsikring som blir tilboden gjennom lokalbanken din.

- Uhell kan alltid skje, men ein ting er sikkert: Den største tabben du kan gjere, er å ikkje ha reiseforsikring, slår ho fast.

Kredittkortet held ikkje
Moe Lund forklarer at ei god reiseforsikring skal dekkje alle dei vanlegaste uhella som skjer under reiser.

- Det inkluderer dei vanlegaste skadetypane som er reisesjuke, tjuveri av reisegods og seinka bagasje.

Dekkes ikkje det av reiseforsikringa på kredittkortet mitt?
- Om du har reiseforsikring gjennom kredittkortet, må 50 prosent av reiseutgiftene vere betalt med kortet – nokre gonger er det også andre avgrensingar. Ei vanleg reiseforsikring, derimot, dekkjer deg 24/7 og gjeld uansett om du skal tre veker på safari i Afrika eller ein snartur til hytta på Finse, understrekar Moe Lund.

Kjøp reiseforsikring hos oss

Tenk over kva du har med deg
Salssjefen oppmodar alle til å tenkje over kva dei pakkar med seg i kofferten:
 
- Det er typisk at vi har med større verdiar på reisa enn tidlegare. Treng du eigentleg å ha med deg PC, iPad og dei dyraste smykka dine for ein weekendtur? Sjølv om ein får igjen pengar om noko skulle skje, kan det vere stor affeksjonsverdi bunden til desse gjenstandane.

Er det noko som ikkje blir dekt av reiseforsikringa?
- Hendelege uhell eller skadar som du sjølv påfører gjenstandane dine. Ein klassikar er for eksempel at ein mister mobilen i bakken slik at skjermen blir knust. Dette meiner vi som ein del av dagliglivet sin risiko. Solbriller og briller som blir øydelagde i transport blir heller ikkje dekka – så hugs å leggje dei trygt plasserte i handveska før du reiser, seier Moe Lund.

Forsikring tilpassa livet ditt
Eika si reiseforsikring gjeld ferie- og jobbreiser i heile verda som varar inntil 77 dagar, og blir tilbode gjennom lokalbankar over heile landet. Det er ingen krav til overnatting, og barn under 20 år er medforsikra uansett bustad. Reiseforsikringa gjeld både ferie og jobbreiser. I tillegg er ulykkesforsikring inkludert.

- Det er nok nærleiken til kundane som skil oss frå dei store nasjonale forsikringsselskapa. Våre kundar får ein kontaktperson som dei kan kontakte personleg, uansett kor ein bur. Vi set oss inn i kunden sin livssituasjon, og tilbyr forsikringar som er tilpassa den einskilde, fortel Moe Lund.

Eika har to ulike reiseforsikringar – Standard og Pluss. Kva bør eg tenkje over når eg vel?
- Eg anbefaler dei fleste å velje Pluss. Det kostar ikkje mykje meir, og du slepp eigendel ved skade under reisa. Det viktigaste er uansett at du set deg godt inn i kva forsikringa dekkjer. Ta gjerne ein tur innom lokalebanken din for gode råd, avsluttar ho.