Dei fleste som reiser på lengre feriar leiger gjerne bil. Men mange opplever dessverre å få skadar på bilen som dei ikkje sjølv er skuld i - og med høge eigendelar kan det fort bli ein dyr affære.
Akkurat derfor er det fornuftig å ha ei eigendelsforsikring. Den gjer at du slepp ein stor eigendel som kan gjere djupe innhugg i feriekassa, dersom uhellet er ute.

Spar pengar og slepp diskusjonar
Mange bilutleigefirma tener gode pengar på å selje desse forsikringane, og tilbyr deg forsikringa som ei ekstrateneste når du leiger bil. Men dette blir ofte kostbart. Kjøper du eigendelsforsikring gjennom bilutleigaren kostar det vanlegvis mellom 75 og 200 kr dagen.

Med eigendelsforsikring inkludert i kredittkortet ditt er det med andre ord pengar å spare. Samtidig slepp du diskusjonar om kjøp av ekstra forsikringar som det ikkje alltid er lett å forstå vilkåra for.

Hugs berre at du må betale leigebilen med eit kredittkort frå Eika, for at eigendelsforsikringa skal gjelde i leigeperioden.

Bestill kredittkort no, og få med eigendelsforsikring på ferien

Kredittkorta frå Eika har ei rekkje fordeler som du dreg nytte av når du skal på reise, som 10 prosent rabatt på leigebil, tilgang til hotelltilbod frå hotell i 220 land - og mykje, mykje meir.

Les meir om kredittkort frå Eika