Er du lei av å bruke lang tid på å fylle ut adresser, e-post og kontoinformasjon når du skal kjøpe noko på nett? Snart kan du ta i bruk Eika Masterpass og gjere netthandel enklare.

Digital lommebok
- Eika Masterpass er rett og slett ei digital lommebok som lar deg lagre dine kort- og adresseopplysingar på éin og same plass, fortel fagsjef i Eika, Sverre Skagestad.

Med eit Eika Masterpass kan du handle raskt og enkelt på alle nettstader som støttar Masterpass-betalingsløysinga.

- Det er veldig enkelt. Du legg inn kortinformasjon, kontaktinfo og adresse éin gong. Det blir lagra i skya, og du slepp å gjenta prosessen kvar gong du handlar. Neste gong du handlar på ei side som støttar Masterpass, trykker du berre på Masterpass-knappen, loggar inn med BankID, og betalar, forklarer Skagestad.

Enklare og tryggare
- Masterpass vil bli tilgjengeleg i nettbutikkar over heile verda. Du kan bruke alle betalingskort frå MasterCard, Maestro, American Express, Diners Club og Visa, og løysinga fungerer like bra om du bruker pc, nettbrett eller mobil, seier han.

Sikkerheita er også godt teken hand om:

- Det er tryggare å ha all sensitiv informasjon lagra på éin sikker stad, enn fordelt på mange ulike nettsider. For å logge inn i lommeboka brukast BankID, som er ei sikker løysing, avsluttar Skagestad.