Ferietid er dessverre ofte høgsesong for innbrot og skader på bustader. Det er ikkje morosamt å kome heim til ubehagelege overraskingar. Vil du unngå ei utriveleg avslutning på ferien, kan det derfor vere lurt å gjere nokre førebuingar samtidig som du pakkar kofferten.

Sjekk forsikringane dine
Veit du kva verdiar du har, og om du er godt nok dekt? Mange undervurderer verdien av det dei eig, og det kan derfor vere fornuftig å ta ein årleg gjennomgang. Når rekna du for eksempel sist på kva innbuet ditt er verdt?

LES OGSÅ: Du eig meir enn du trur

Eika Forsikring tilrår alle å installere FG-GODKJENT alarm på bustaden før du reiser bort på ferie. Koplar du alarmen opp mot brannalarm, er du sikra at nokon raskt kjem til staden om ulukka skulle vere ute.
Hugs at du også må sørgje for at Eika Forsikring veit at du har installert alarm. Det kan faktisk gjere prisen på bustadforsikringa di lågare.
Ein prat med den lokale rådgivaren din kan derfor vere gull verdt nå før ferien. I banken kan dei hjelpe deg så du har riktig forsikring, med riktig dekning.

Andre gode tips
Det er mykje å hugse på i innspurten før ferien, og denne vesle hugselista kan vere lur å gå gjennom før du låser døra og dreg din kos:

1. Ikkje fortel på sosiale medium at du er på ferie. Tjuvar følgjer også med, og når du postar bilete av familien frå Gran Canaria, får dei stadfesta at ingen er til stades på heimeadressa di.

2. Trekk ut kontaktar på alle elektriske apparat før du reiser. Sommarvêr i Noreg kan også innebere lyn og torevêr. Er støpselet ute av kontaktane, er faren mindre for at noko går i sund dersom lynet slår ned i nærleiken av bustaden din.

3. Be naboen om å putte litt søppel i søppeldunken du har ståande ute, medan du er på ferie. Kjeltringar er lure, og dersom dei ser at søppeldunken er tom dag etter dag, kan dei begynne å ane ugler i mosen.

4. Sørg for at naboen vatnar blomane dine, både ute og inne, slik at dei ikkje visnar og det «lyser» at du er bortreist.

5. Få nokon til å ta inn posten, eller omadresser, medan du er på ferie. Aviser som ligg slengde utanfor oppgangen, eller fulle postkasser er eit tydeleg «ikkje nokon heime»-signal til den som går forbi.

6. Ikkje la verdigjenstandar liggje framme. Det kan gjere det ekstra freistande å bryte seg inn.

7. Ta bilete av innbuet ditt, også det som ligg i skuffer og skap. Lagrar du det i ei skyteneste, har du alltid oversikt over det du eig, og kan lett få oversikt om noko skulle bli stole eller øydelagt.

8. Bruk tidsbrytar på lys, og sett gjerne ein skiten kaffikopp på kjøkkenbenken. Då ser det meir ut som om nokon er heime.

9. Sjekk at alle dører er låste, og at eventuell alarm er slått på. Du treng ikkje gjere det enklare enn nødvendig for eventuelle ubedne gjester.
God ferie!