Når du søkjer om bustadlån, gjer banken ei heilskapleg vurdering av økonomien og livssituasjonen din. Det er hovudsakleg to ting som blir vurderte: eigenkapital og beteningsevne.

Eigenkapital
Kravet om eigenkapital er 15 prosent ved kjøp av bustad. Dersom du har pant i annan eigedom eller realkausjonist , kan banken gå bort frå kravet om eigenkapital.

Beteningsevne
Kravet til beteningsevne blir vurdert ut frå kor mykje økonomien din toler ved til dømes renteauke. Vi gjer ei heilskapsvurdering av beteningsevna di basert på faktiske inntekter og utgifter, forventa inntektsutvikling, siste skattemelding, tidlegare lønnsslippar og eventuelle ekstrainntekter.

 

Moglegheita for utleige av rom/hybel og andre inntektsalternativ tel positivt. 

 

Skaff eit finansieringsbevis 
Finansieringsbeviset er ein garanti frå oss som stadfestar kor mykje du kan låne. Det bør du derfor alltid ha før du går inn i ein bodrunde. Søk finansieringsbevis.