Små og mellomstore bedrifter er ekstra sårbare for fråvære, spesielt om han eller ho som blir borte sit på spesialkompetanse. Det kan også vere tungt å tenkje på sjukdomen i veker og månader medan ein ventar på behandling. Eika Forsikring tilbyr difor helseforsikring gjennom Vertikal Helse. D

Nesten 100 dager spart
Ifølgje Helsedirektoratet ventar vi i snitt 56 dagar på time hos spesialist. I tillegg kjem tida frå du har vore hos spesialist til du kjem inn til behandling, noko som i snitt òg tek 56 dagar. Dette gir ein total på 112 dagar med venting. Med helseforsikring ventar du ifølgje Vertikal Helse gjennomsnittleg 5,3 dagar før du kjem til spesialist. Deretter tek det i gjennomsnitt 7,8 dagar til du får behandling eller operasjon. Med andre ord, frå du får ei tilvising til du får behandling for skaden din, tek det 13,1 dagar. Alt i alt blir dette ein forskjell på heile 98,9 dagar. Dette er nesten 100 dagar med venting og uvisse som bedrifta og den tilsette kunne unngått.

I praksis inneheld ei helseforsikring hos Vertikal Helse fleire andre gunstige vilkår også.

  • Du får ein personleg medisinsk rådgivar som følgjer deg gjennom heile behandlingsløpet
  • Kostnader knytte til behandling, reise og opphald blir dekka når dette er bestilt av Vertikal Helse
  • Inntil 10 behandlingar hos psykolog for psykiske plager
  • Døgnopen Helsetelefon med enkle tips og råd for heile familien

Som arbeidsgivar er det godt å vite at dei tilsette blir tekne vare på når dei er sjuke. Rett helseforsikring er dessutan eit sterkt førebyggande helsetiltak som gir ein tryggare, meir føreseieleg kvardag for både bedrifta og dei tilsette: Kortare sjukefråvære skånar dei andre tilsette for overbelasting, og gir meir produksjonstid framfor administrasjon og opplæring av vikarar.

Har de ein plan for å ta vare på helsa til dei tilsette?
Lurer du på kor lønsamt ei god helseforsikring vil vere for di bedrift? Snakk med bankrådgivaren din, som kan hjelpe deg å setje opp reknestykket.