- Som bedriftsleiar er menneska du jobbar med ofte den mektigaste ressursen du har. Spesielt gjeld dette i små- og mellomstore selskap kor det kan væra veldig kritisk om ein tilsett blir vekke, understrekar Einar Christian Van Doorn, salssjefs i Eika Forsikring.

Lange ventetider i det offentlege helsesystemet og sjukefråvær kan kosta bedrifta store summar, i alle fall om den sjukmeldte sit på kompetanse det er vanskeleg å erstatta på kort tid.

- Derfor samarbeider me med Vertikal Helse, og har satt saman ei forsikring som kan bidra til at den tilsette kjem seg raskt tilbake i jobb, sier Van Doorn og utdjupar:

- Denne helseforsikringa kan sjåast på som eit tillegg til den lovpålagte yrkesskadeforsikringa, og sørgjer for raskare og betre behandling enn man elles ville fått. Så fort du har ei henvisning frå ein lege, sender du den til Vertikal Helse, og så er prosessen i gong.

Her er Einar Christian Van Doorns gode grunnar til at du bør kjøpe helseforsikring for dine tilsette:

1. Rask vurdering og behandling
Den tilsette får spesialistvurdering innan 7/10 virkedagar og behandling/operasjon innan 10/20/virkedagar, avhengig av kva for ein forsikring bedrifta har valt. 

2. Personlig oppfølging
Den tilsette får tett oppfølging av ein medisinsk rådgivar før, under og etter behandlinga.

3. Gode vilkår
Prisen på forsikringa er uavhengig av alder, kjønn og livsstil. Utgifter relatert til behandling, reise og opphold dekkast.

4. Faglig kvalitetssikring
Eit uavhengig medisinsk råd sørgjer for kvalitetssikring av sjukehus og legar som blir brukt. Forsikringa dekkjer også ein uavhengig vurdering av diagnosen som allereie er stilt.

Ta vare på de tilsette med ein god helseforsikring

Stadig fleire bedrifter kjøpe helseforsikring

- Helseforsikringa gjeld alle fysiske sjukdommar som ikkje krev øyeblikkeleg hjelp, og dekkjer fysioterapi og kiropraktorbehandling når det er nødvendig. Behandlinga blir gjort på sjukehus eller hjå ein spesialist i Noreg eller resten av Europa, fortel van Doorn.

I dag er det ein halv million nordmenn som har helseforsikring gjennom bedrifta dei er tilsette i.

- Me opplever at stadig fleire nyttar seg av slike forsikringsløysningar som ein del av ein god personalpolitikk, avsluttar Van Doorn.