- Det har vel eigentleg ikkje gått heilt opp for meg enno. Familien min har budd her og drive garden sidan 1600-talet, og det har ikkje vore i tankane mine eingong at noko slikt kunne skje, fortel sauebonde Nils Arild Heggdal frå Flåm.

Han siktar til flaumen som ramma Vestlandet seint i oktober i fjor. Fleire hundre blei evakuert frå heimane sine , bustadhus gjekk tapte og bruer kollapsa som ein følgje av herjingane til flaumen.

Uverkeleg og trist
- Totalt miste vi seks bygningar. Driftsbygget forsvann. Kårhuset, der mora min budde, er rive ned. To fjøs og røykehuset forsvann i vassmengdene. I tillegg til ei smie som bestefaren min sette opp i si tid. Stort sett alt blei borte, og det vesle som er igjen er heilt øydelagd, fortel han.

Korleis kjem ein seg vidare etter ein sånn oppleving?
- Det som skjedde den dagen i oktober var uverkeleg – og utruleg trist. Men eg og kona bestemde oss tidleg for å fokusere på det vi faktisk kan gjere noko med. Det som er borte kjem aldri tilbake, uansett kor mykje vi ønskjer det. Vi må bruke kreftene våre på å setje opp nye bygg, og sørgje for at det framleis er grunnlag for å drive garden.

- Pengane kom med ein gong
Heggdal er forsikra i Eika Forsikring gjennom lokalbank sin. Møtet med forsikringsselskapet etter flaumen, var over all forventning.

- Jon Olav Nybakken, som blei kontaktpersonen vår, har vore heilt eineståande frå første dag. Vi hadde eit møte i Lærdal først, og deretter ei synfaring av eigedomen. Der stilte vi og Eika med kvar vår takstmann, som kom fram til same konklusjon når det gjaldt skadeomfang. Forsikringspengane var på plass nesten før synfaringa var ferdig, fortel Heggdal.

Nybakken er seniorkonsulent på skadeoppgjer bygning og lausøyre, og kan stadfeste at banken har fokus på rask saksbehandling i denne typen tilfelle:

- Det er spesielt viktig at vi kjem fort i gong med takseringsprosessen slik at kunden veit kva slags økonomisk erstatning han får. Deretter bestemmer han sjølv korleis han forvaltar pengane.

Teiknar fjøs
For sauebonde Heggdal tydde det at han raskt kunne planleggje korleis han skulle få garden i gong igjen.

- Utan forsikring hadde eg vore økonomisk ruinert. Det er snakk om titals millionar kroner. No har eg fått riktig erstatning for kvar bygning, og vi får byggje opp tilsvarande bygningar etter dagens standard. Eg er godt i gong med å teikne fjøs, og håper å få det opp til neste lammesesong, altså våren 2016.

Kvar gjer du av dyra no?
- Fram til eg får sett opp mitt eige, leiger eg ein fjøs – utgiftene til dette blir også dekka av Eika. Det går nok eit par år før alt er sett opp, det krev jo litt planlegging å byggje opp ein heil gard frå grunnen av. Men vi har kome oss på beina igjen, og ser lyst på framtida.

Den heldige Eika-væren
Heggdal anser seg som heldig som valde forsikring i Eika, og har ein historie han meiner symboliserer dette:

- Før flaumen hadde eg to værar ståande i fjøset. Ein hadde eg avla sjølv og forsikra gjennom Eika. Den andre væren var forsikra ein annan plass. Då flaumen tok med seg fjøset, forsvann den andre væren og blei dessverre aldri sett igjen.

Og Eika-væren?

- Den blei skyld opp på den andre sida av elva, og er frisk og rask den dag i dag. Så det bringar nok kanskje litt lukke å vere forsikra i Eika, avsluttar den sympatiske sauebondeen.

Spør oss om bustads- og skadeforsikring

Sikre også innbuet ditt