– Først og fremst ser vi ein kraftig auke i bruken av pengar i Noreg, og på den måten har vi saman støtta godt opp om norsk næringsliv i ein vanskeleg periode. Ein slags utvida dugnad, seier Sverre Skagestad, fagsjef Kort og Betaling i Eika Gruppen.

Saman med kollegaene sine har han analysert handlemønsteret til det norske folket basert på kortbruken til lokalbankkundar landet rundt*. Funna fortel mykje om korleis Ola og Kari Nordmann fekk liva sine endra den andre torsdagen i mars.

LES OGSÅ: Vi har blitt kåra til det mest berekraftige selskapet i bransjen

 

Sverre Skagestad, fagsjef Kort og Betaling i Eika Gruppen.
Sverre Skagestad, fagsjef Kort og Betaling i Eika Gruppen.

 

Vi pussar opp!

Kva skjer når eit folkeferd som elskar oppussing, blir tvinga til å halde seg heime i fleire månader? Ikkje overraskande har talet på transaksjonar hos byggjevarehusa gjort eit byks forhold til fjoråret.

- Nye møblar har vi også kjøpt oss. Tala viser at kort frå lokalbankane har vore flittig brukt hos interiørbutikkane, fortel Skagestad.

Verken byggjeindustrien eller møbelforretningane når heilt opp til den store «koronavinnaren»: Daglegvarehandelen har 2,8 millionar fleire kjøp (ein vekst på 6 prosent) og 13 prosent større handlekorger.

- Vi handlar meir og dyrare, slår Skagestad fast.

 

Psst! Måten vi betaler på, har også endra seg. I juli blei betalingar frå Eika utført kontaktlaust i 75 prosent av alle transaksjonar i fysisk handel (resterande 25 prosent var Chip og PIN). Det er ny «tæppe-rekord»! I juli 2019 var det til samanlikning berre 13 prosent som blei betalt kontaktlaust.

 

Sporty Noregsferie

Noregsferien har også gitt fleire besøk til bakeri, norske turistattraksjonar og hotellovernatting innanlands. Restaurantar og andre serveringsstadar har ikkje fått same utteljing. Kanskje fordi vi tek middagen ute i det fri? Utstyret skulle i alle fall vere i orden:

- Tal frå sportsbutikkane viser at fleire nordmenn har gått til innkjøp av sports- og fritidsutstyr i år, forklarer Skagestad.

 

 Psst! Vi er meir ute på tur, men ønskjer ikkje å betale for trening vi ikkje nyttar oss av. Nets stadfestar at det blei sletta fleire tusen avtalegiroar til treningssenter i mars. Mange har altså gripe høvet til å kutte «støttemedlemskap» under vårreingjeringa i privatøkonomien.  

 

13 000 kroner meir på konto

– Det er ingen tvil om at vi blei meir forsiktige med pengane våre i mars og april. I mai løyste vi litt meir opp, i samsvar med restriksjonane frå styresmaktene, og kortbruken tok seg faktisk opp samanlikna med 2019, seier Skagestad.

Dei usikre tidene vi er i har gjort at sparinga har auka, og kvar kunde i snitt har 13 000 kroner meir på konto enn i fjor.

– Sparer vi til neste års ferie eller andre store innkjøp? Eller er det heller uvissa rundt framtid og jobb som gjer at vi kuttar i forbruket og sparer pengar til ein regnvêrsdag? spør han.

Låg risiko og høg avkasting over tid? Sjekk fonda våre og start sparing

 

 

*Analysen er basert på kortbruken til lokalbankkundane i Eika Alliansen, og byggjer på aggregerte og anonymiserte data. Kortbruken inntreff i fysisk og digital handel med debetkort.