Å gløyme branntryggleiken i vinterkosen kan få fatale konsekvensar.

Ikkje ver ein av dei som neglisjérer branntryggleiken og tenkjer «det skjer jo ikkje meg». Sjølv ein liten brann i bustaden din kan føre til store røykskadar på både interiør og sjølve bygningen.

Her er tipsa våre for ein sikker vinter utan brann:

1. Sjekk røykvarslaren
1. desember var røykvarslardagen. Denne dagen skal alle skifte batteri i varslerne sine, og samtidig teste at dei fungerer som dei skal. Å nedprioritere dette kan i verste fall bli fatalt.
I Oslo opplever brannstellet at fungerande røykvarslarar manglar ved kvar fjerde bustadbrann.

2. Slukk levande lys
Forlèt du eit rom, skal levande lys alltid sløkkjast. Unngå også brennbar pynt på lysestakar.

3. Bruk el-vett
Pass på å alltid ta ut støpselet på elektriske apparat du ikkje bruker. Sjå opp for svimerke på lampeskjermar, gardiner eller møbel. Slå av fjernsynet med av/på brytar, og ikkje bruk vaskemaskin/oppvaskmaskin/tørketrommel om natta eller når huset står tomt.

4. Unngå mobil i senga
Mobiltelefon i senga er ingen god idé. Sjansen for at den skal ta fyr er ikkje stor, men om det først skjer er risikoen for alvorlege konsekvensar overhengande.

5. Pass på komfyren
Tørrkoka kjelar er eit kjent fenomen for brannstellet. Det kan ikkje seiast for ofte. Ikkje gå frå mat på komfyren.

6. Ha kontroll på brannslukkingsutstyr
Og skulle ulukka vere ute, må du ha kontroll på sløkkjeutstyr. Ikkje gøym brannsløkkingsapparatet inne i eit skap du ikkje har tilgang til. Kvar bueining skal ha tilgang på sløkkjeutstyr som skal kunne nyttast i alle rom og plasserast slik at ein kan gjennomføre ein effektiv sløkkjeinnsats i startfasen til brannen.

7. Sørg for riktig forsikring
Er bustaden din fullverdiforsikra, får du ein nøkkelferdig bustad i erstatning dersom huset blir totalskadd. I tillegg betaler Eika Forsikring for ein midlertidig bustad for deg og familien dersom de må flytte ut.

- Hugs å velje ei innbuforsikring med tilstrekkeleg forsikringssum, slik at du kan kjøpe tilbake eigedelane du mist i brannen. Du har ikkje råd til å la vere. Å miste alt ein eig i brann er noko av det verste som kan skje ein familie, understrekar Anne Hyttemoen i Eika Forsikring.

Kjøp innbuforsikring i dag – og få ti prosent rabatt