Fakturering

Bedrifter treng effektive faktura- og innbetalingstenester. Hos oss kan du bruke eFaktura og Avtalegiro, anten i kombinasjon eller kvar for seg.
  • Spar tid på å sende faktura elektronisk
  • Få betre kontroll over betalte og ubetalte rekningar
  • AvtaleGiro gir færre purringar og lågare kostnadar
Kontakt meg om fakturering

Dette er eFaktura og AvtaleGiro

Med effektive løysingar for fakturering og innbetalingar slepp du å bruke unødvendig tid på å krevje inn pengar frå kundane dine. Hos oss kan du sende eFaktura og ta betalt med AvtaleGiro.

Send eFaktura til kundane dine

  • Elektronisk faktura til bedrifter og privatkundar
  • Du kan sende eFaktura til både nye og eksisterande kundar
  • Kunden blir varsla når det kjem ein ny eFaktura og godkjenner rekninga før ho blir betalt

Ta betalt med AvtaleGiro

  • Automatisk betaling er perfekt for bedrifter som har faste kundar
  • Rekninga blir automatisk betalt på forfallsdato om ikkje kunden gjer endringar
  • Kunden ser rekninga i forfallsregisteret minst sju dagar før forfall

Sams for begge løysingane er at dei gjer livet enklare – både for deg og kunden din:

  • Du har full oversikt over betalte og ubetalte fakturaer
  • Kunden slepp å skrive inn KID-nummer og annan informasjon 

eFakturaportalen

Driv du ei bedrift med lågt fakturavolum? Då kan du bruke eFakturaportalen til å sende fakturaer på ein enkel og brukarvenleg måte. Send elektroniske fakturaer utan å oppgradere fakturasystemet i bedrifta.