Med ein iZettle-terminal i handa kan du enkelt og raskt ta imot betaling frå alle typar kort. Den kan brukast saman med både Android og iOS-operativsystem. Det vil i praksis seie at den kan brukast saman med dei fleste smarttelefonar og nettbrett. Det er heller ikkje nokon stor prosess å kome i gang, men det er nokre viktige ting du må passe på før du tek iZettle i bruk.

Hugs nettilgang

For å kunne bruke iZettle er du avhengig av tilgang til internett enten via 3G/4G eller WiFi. Det er ikkje garantert at kortlesaren verkar med EDGE- eller GPRS-nettverk. Dette gjeld ikkje berre når du skal registrere den for fyrste gong, men også i dagleg bruk.

Om du har tenkt å bruke iZettle-kortlesaren saman med ein iPad eller eit anna nettbrett i eit område utan WiFi, er det difor viktig at du passar på å ha eit fungerande SIM-kort i eininga.

Last ned appen

Det fyrste du må gjere er å laste ned appen. Den kostar ingen ting, og du finn den i Google Play eller App Store. Straks du har installert appen, kan du kople terminalen opp mot mobilen eller nettbrettet ditt. Videoen ovanfor viser deg korleis du gjer dette, steg for steg.

Brukarnamn og passord

Du må ha ein profil med innlogging og passord for å kunne bruke iZettle. Om det var du som bestilte betalingsterminalen, vil du stå som administrator for den. Brukarnamnet ditt er e-posten du registrerte kontoen på. Sidan kontoen er personleg, anbefaler vi ikkje å dele kontoinformasjonen med nokon andre.

Om de er fleire som skal bruke den same terminalen, er det difor lurt å opprette fleire brukarar for kontoen det gjeld. Er de for eksempel fleire som skal stå i kiosken på det lokale idrettsarrangementet, bør alle dei frivillige få kvar sin konto.

Dette gjer du ved å logge inn på izettle.com med brukarnamn og passord. Klikk på menypunktet Tilsette og fyll inn skjemaet til høgre på sida. Det tek ikkje lang tid å opprette ein ny brukar og personane vil kunne ta den i bruk nesten med éin gong. Sjølv om de får ulike brukarar, vil alle betalingane gå inn på same konto.


iZettle skjermdump

Fleire profilar

Det er også mogeleg å bruke fleire profilar på same iZettle-avtale. Då kan kvar enkelt profitt knytast til ein unik konto. Det einaste du treng å gjere, er å logge deg inn på din profil, så kjem pengane inn på rett stad.

Å dele same betalingsterminal kan vere praktisk dersom de er fleire som driv med sesongbasert handel.