Vi er i ferd med å bli eit kontantlaust samfunn. Det gjer at kundane i stadig større grad trekk fram betalingskortet når dei skal betale for vaflar på fotballcupen, sokkar på julemarknaden eller den fine lampa dei fann på siste loppemarknad.

Alle har kort

Ikkje alle har kontantar, men alle har kort, og veit korleis dei skal betale med det. Det gjer iZettle til ei genial løysing både for deg som tilbydar og for kunden. Sidan kundane dine taklar betalingsterminalar kvar einaste dag, er det ingen barriere for dei å bruke terminalen. Dei kjenner formatet; bruk chip, drag stripa eller betal kontaktlaust.

Enkel oppkopling og betening

Ein av dei største fordelane med løysingane til iZettle er nettopp at det er så enkelt; både med tanke på oppkopling og betening i dagleg bruk.

Sjølve oppkoplinga er gjort på eit par minutt. Last ned ein app på mobilen eller nettbrettet ditt og slå på bluetooth, så har du eit komplett kassasystem.

Sjå video for korleis du kjem i gong med iZettle her

Sjølve appen har eit enkelt og sjølvforklarande grensesnitt - lett å forstå for både unge og gamle. Trykk på ein knapp og du er klar til å ta imot betaling. No er det berre for kunden å trekke kortet.

Lett å halde oversikt

iZettle er meir enn berre ein trådlaus betalingsterminal. I programvaren ligg også mogelegheita for å legge inn varene dine i eit produktbibliotek på førehand. Slik treng du ikkje taste inn beløpet, men kan gå rett til betaling.

I tillegg får du tilgang på eit enkelt analyseverkty slik at du heile tida har oversikt over sala dine. Du skal sjå det gjer rekneskapen din mykje enklare.

Ingen månadlege gebyr

Det er inga bindingstid på terminalen, og den einaste kostnaden er transaksjonsgebyr på betalingane dine. Dess meir du sel, dess lågare blir gebyret. Det er heller ikkje noko oppstartgebyr, kun prisen du betaler for sjølve terminalen.