Enklare bankkvardag i nettbanken

Enklare bankkvardag i nettbanken

Nettbanken gir deg tilgjenge til praktiske sjølvbetente løysingar som gjer det enklare å handtere bedrifta sin økonomi. Effektiviser dagleg økonomistyring med verktøya som er tilgjengelege for alle typar bedrifter.

Illustrasjon som viser en person sentrert med symboler som representerer kontaktmetoder: telefon, lokasjon, e-post og taleboble.

Oppdater kontaktinfo

Viktig for dagleg leiar: Sørg for å oppdatere bedrifta si kontaktinformasjon i nettbanken under 'Administrasjon > Bedrifta si kontaktinformasjon', slik at de ikkje går glipp av viktig informasjon frå oss.
Bilde av Eika Bedrift forside og bakside av kortet

Søk om Eika Bedrift i nettbanken

No kan du enkelt søkja om firmakort direkte i nettbanken til bedrifta. Eika Bedrift er eit fleksibelt kredittkort med bedriftsansvar som kan gi deg og dine tilsette handlefridom og full kontroll over utgiftene. Søknaden finn du under Kort i hovudmenyen.

Ofte stilte spørsmål

Nettbank Bedrift

Hånd med mobil, eika-logo på mobilen

No får du bedriftsbanken din i appen

Har du mobilbankappen som privatkunde, kan du no bruke den same appen for bedrifta di!

Gå til Profil og innstillingarBytt avtale for å kome i gang.

Søk opp Eika mobilbank der du lastar ned appar om du ikkje har den enno.

Dette kan du gjere i nettbanken

Nettbanken tilbyr fleire nyttige funksjonar som forenklar bankkvardagen din. Her er eit utval av kva du kan gjere:
  • AvtaleGiro Automatisk betaling av faktura i nettbanken. AvtaleGiro kan opprettast og administrerast av ein administrator for bedrifta.
  • Brukaradministrasjon Sjølvbetent brukaradministrasjon der administratoren kan opprette heilt nye brukarar, endre kontorettar og roller på eksisterande brukarar, og slette brukarar.
  • Likviditetsoversikt Gjev deg eitt overblikk over forventa innbetalingar og utbetalingar i ein vald periode.
  • Kontooppretting Administratoren kan opprette nye kontoar for bedrifta i nettbanken.
  • Hovudavtale/underavtalar Høve til å knyte saman fleire bedrifter med underavtalar til hovudavtalen. Alle kontoar og brukarar blir samla og administrerte frå hovudavtalen. Passar for rekneskapskontor eller der det er behov for å arbeide med fleire bedrifter utan å byte mellom avtalane.
  • Kontogrupper Brukarar kan lage eigne grupperingar av kontoar som finst i avtalen, og bruke grupperinga fleire stader i nettbanken. Passar for kundar med mange kontoar i same

Sjå korleis du brukar den nye nettbanken