Betal med AutoGiro og Avtalegiro

Autogiro
AutoGiro er ei betalingstjeneste mellom bedrifter. Her kan du setje opp ein fast avtale mellom leverandøren din og bedrifta di.

Med AutoGiro får du:

  • Betre likviditetskontroll
  • Dagleg oppdatert betalingsstatus
  • Automatiske betalingar i nettbanken
  • Reduserte kostnader knytte til sending og etterbehandling av rekningar

Avtalegiro
AvtaleGiro er ei automatisk betaling av faste rekningar. Dette kan for eksempel vere bedrifta si straumrekning, husleige, avisabonnement og liknande. Med AvtaleGiro sørgjer banken for at rekningane blir betalte direkte frå nettbanken på forfallsdato av seg sjølv.

  • Du blir varsla i forkant av betalinga
  • Rekningane blir alltid betalte i tide, slik at du unngår purringar og gebyr
  • Du har full oversikt og kontroll på bedrifta sin konto i nettbanken, eller gjennom kontoutskrift
Les meir om Avtalegiro