Utebetalingar på fil

Bedrifter med eige rekneskaps-/økonomisystem kan enkelt setje opp betalingar på fil til nettbanken. Fordelen med dette er at du slepp å registrere same faktura både i rekneskapssystemet og i nettbanken. Gjennom å hente betalingsforslaga frå rekneskapssystemet blir også faren for feilregistrering ved betalingane redusert.

  • Bedrifta kan setje opp filbetalingar både for innlands- og utlandsbetalingar.
  • Banken støttar både Telepay og DirRem som format, og har støtte for returfiler.
  • Bedrifta kan velje å sende filer direkte til Nets via Nets Kundeportal.