Studien som blei utført ved avdeling for helseledelse og helseøkonomi ved Universitet i Oslo (UIO) viser at sjukefråværet i snitt er 0,4 - 0,5 prosentpoeng lågare i bedrifter med helseforsikring. Avdelingen ved UIO har dermed klart å dokumentere at private helseforsikringar faktisk får ned sjukefråværet. – Ja, private helseforsikringar har ein effekt på sjukefråværet, seier professor Terje P Hagen ved senteret som er ein av forskarane bak studien.  

På Finans Noreg sin sider kan vi lese at professor Terje P. Hagen påpeker at private helseforsikringar har ein effekt på sjukefråværet. Eit enkelt reknestykke som Hagen har utført med NHO sin og Finans Noregs talgrunnlag, viser at privat helseforsikring er bedriftsøkonomisk lønnsamt dersom forsikringa bidrar til å redusere sjukefråværet i bedrifta med 0,4 prosentpoeng. Mens sjukefråværet for industribedrifter utan forsikring i snitt ligg på 6,8 prosent, er det berre 6,1 for dei med forsikring.

Høgare sjukefråvær i Noreg
I Noreg har vi høgare sjukefråvær enn andre land i Nord-Europa, med eit snittfråvær på 6,5 prosent for tida. Dette varierer mykje frå bransje til bransje. Studien viser no at sjukefråværet i snitt er 0,4 til 0,5 prosentpoeng lågare i bedrifter med privat helseforsikring.

Kilde: Finans Noreg og bladet Velferd