AvtaleGiro og eFaktura
-
Kva er avtalegiro?
Med AvtaleGiro slepp du å tenkja på dei faste rekningane som telefon, straum, offentlege avgifter og husleige. Banken ordnar betalinga for deg. Rekningane blir betalt til rett tid, utan at du mistar kontrollen over kontoen din..
Tenesta er den enklaste og mest problemfrie måten å betala rekningar på. Du slepp å hugsa på forfallsdatoar. Det einaste du treng å passa på, er at det er pengar på kontoen.
-
Korleis opprettar eg ei AvtaleGiro-avtale?
Du blir automatisk spurd om du ønskjer AvtaleGiro når du betalar ei rekning i Nettbank til ein mottakar som tilbyr det. Du kan då oppretta avtala der og då, og litt avhengig av frekvens går neste betaling automatisk som AvtaleGiro. .
Viss du tidlegare har takka nei til eit tilbod om AvtaleGiro, kan du framleis finne tilbodet ved å gå inn på "Betalingar", "Betalingsavtaler" og vel "AvtaleGiro" øvst på sida. Her vel du "Opprett ny" ved å trykkje på dei tre strekane oppe til høgre på sida.
Finn du ikkje tilbodet her, kan du inngå avtala via nettsidene til AvtaleGiro: https://www.avtalegiro.no/Privat/Pages/default.aspx. Følg lenkja og trykk på "Inngå avtale her og no!".
Du kan velje å få varsel anten via betalingsoversikta (månaden før forfall) eller be om varsel direkte frå betalingsmottakaren.
I mobilbanken:
Gå til Meny‐> Betalingar‐> Betalingsavtaler ‐> Opprett ny avtale ‐> du kan velje mellom Ny fast overføring, ny fast betaling, ny AvtaleGiro eller ny eFaktura‐avtale.
-
Hvor finner jeg fakturagrunnlaget for AvtaleGiro?
Fakturagrunnlaget mottar du i kanalen du har avtalt med betalingsmottaker. Du kan kombinere avtalegiro med eFaktura, se punkt "Kombinert efaktura og AvtaleGiro"
-
Korleis slettar eg AvtaleGiro?
I nettbanken:
Gå inn på "Betalingar" i menyen til høgre, trykk på "Betalingsavtaler" og vel "AvtaleGiro" øvst på sida. Her trykkjer du på dei tre prikkane ute til høgre for den avtala du ønskjer åsletta, og vel "Slett avtale".
I mobilbanken:
Gå til Meny‐> Betalingar‐> Betalingsavtaler ‐> Trykk inn påavtala du øskjer å sletta, og vel "Slett".
-
Kva er eFaktura?eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som blir send til nettbanken. eFaktura følgjer personnummeret, så dersom du bruker fleire nettbanker vil du få opp denne avtalen i alle nettbanker. Det er viktig at eFaktura-kravet berre blir lagt til godkjenning der den skal betalast. Slettar du eit eFaktura-krav eller ein eFaktura-avtale i sin heilskap, vil dette slettast frå alle nettbanker.
-
Korleis opprette eFaktura-avtale?eFaktura‐avtale kan meldast inn på to måtar: :
Etter at du har fullført ei betaling til ein mottakar som tilbyr eFaktura, får du opp forslag om å inngå eFaktura‐avtale. Trykk på eFaktura, og avtala blir inngått.2. Inngå ei ny avtale manuelt. ;
I nettbanken:
Trykk på Betalingar i menyen på venstre side, og vel eFaktura. Vel eFaktura‐avtaler i toppmenyen. Deretter vel du "Opprett ny" ved å trykkja på dei tre strekane oppe til høgre på sida.
I mobilbanken:
Gå til Meny‐> Betalingar‐> Betalingsavtaler ‐> Opprett ny avtale ‐> du kan velje mellom Ny fast overføring, ny fast betaling, ny AvtaleGiro eller ny eFaktura‐avtale.
-
Kvar finn eg eFaktura-krav til betaling?Når faktura blir send ut, vil denne dukke opp som eit krav i Betalingar under eFaktura.
-
Kvar finn eg fakturagrunnlag på eFaktura før eg betalar?
I lista over eFaktura-krav (sjå førre punkt), vil kvar linje med krav ha menyknapp (tre prikkar) ute til høgre. Klikk på denne og vel fakturagrunnlag.
Fakturagrunnlaget blir opna i nytt vindauge. Dersom du ikke får opp dette kan det skuldast at du må fjerne såkalla popup-blokkering eller mellombelse filer på dataen. Både popup-blokkering og mellombelse filer fjernar du som oftast i innstillingane til nettlesaren.
-
Eg får ikkje betalt eFaktura
eFaktura og kontoen som ein freistar å belasta må vera registrerte på same brukar/personnummer. Ev. kontakt kundesenteret vårt.
-
Kombinert eFaktura og Avtalegiro
Somme utferdarar tilbyr kundane sine ein kombinasjon av eFaktura og AvtaleGiro. Med ein slik kombinasjon blir eFakturaen framleis send med fakturadetaljane direkte i nettbanken din og lagra der, men du slepp å godkjenna betalinga, sidan faktura blir automatisk betalt på forfallsdato med AvtaleGiro og pengane trekte på konto. For eFakturaen får du i slike tilfelle berre fakturagrunnlag i eFaktura-krava.
Du har framleis full kontroll over rekningane og finn lett att betalte rekningar. Hjå somme leverandørar må ein setja opp denne kombinasjonen for å sleppa fakturagebyr.
-
Korleis betalar eg ein eFaktura?
I lista over eFaktura-krav, klikk på dei tre prikkane ute til høgre og vel Betal. Frå betalingsbiletet er kontonummer og KID fastsett, dei andre felta kan endrast (t.d. dato og beløp).
-
Kvar finn eg fakturagrunnlaget på ein betalt eFaktura?
Når eFaktura-kravet er lagt til betaling, er ikkje fakturagrunnlaget tilgjengeleg frå lista over krav. Då må du klikka deg inn til eFaktura-arkivet. I hovudmenyen til nettbanken, klikk på Betalingar > eFaktura og så vel du Arkiv på toppen av sida (klikk for å visa eit skjermbilete som skildrar stien). Her ligg krav som er lagde til godkjenning. Klikk på ark-ikonet ute til høgre for den aktuelle betalinga, og du får opp fakturagrunnlaget i eit eige vindauge.
-
Korleis slettar eg ei eFaktura-avtale?
I nettbanken:
Klikk deg til "Betalingar" > "eFaktura" og vel så "eFaktura‐avtaler" i toppmenyen. Då får du opp ei liste over alle eFaktura‐avtaler som du abonnerer på. Klikk på lupa til den aktuelle avtala og klikk så "Slett avtale"‐knappen nedst på sida. Stadfest med BankID.
I mobilbanken:
Klikk på Meny‐> Betalingar‐> Betalingsavtaler ‐> Trykk inn på avtala du ønskjer å sletta, og vel "Slett".
-
Forsvinn eFaktura-kravet viss eg slettar avtala?
Nei, viss du har fått eit krav frå eFaktura-avtala, vil det bli ståande i krav-lista sjølv om du slettar sjølve avtala. Det same gjeld ei betaling lagd til forfall.