1. Banken sine pengar – ikkje dine
    La oss innsjå det. Det hender at lommebøker blir borte og kort blir stole. Kjem kortet ditt i hendene til feil menneske, kan det fort bli tomt på kontoen. Har du brukt eit vanleg bankkort som er knytt til brukskontoen din, er det pengane dine som blir borte.

    Har du i staden betalt med kredittkortet ditt frå oss, er det på ein måte pengane våre som blir stole.

  2. Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert
    Visste du at dersom du betaler minst halvparten av reisa di med kredittkortet, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet? Dette gjeld òg for reiser innanlands. Forsikringa dekker tapet ditt om du blir sjuk eller får stole frå verdisaker i ferien. Han gjeld òg ved forseinkingar i samband med flyreiser, sjølv når turen tar knapt ei times tid mellom Bergen og Oslo.

    Vi tilrår deg som skal bestilla nye reiser om å betala desse med kredittkortet frå oss, dette grunna den spesielle situasjonen flyselskap og reisearrangørar no er i. Booker du reisa med kredittkortet kan du sikra deg mot eventuelle tap som kan finnast grunna moglege konkursar eller uventa reiserestriksjonar.

    I tillegg er det viktig å hugsa at utanriksdepartementet har forlengt reiserestriksjonane for utenlandsreiser fram til 20. august. I praksis betyr dette at dersom du vel å dra på ferie utanfor Noreg i denne perioden, vil du ikkje vera dekt av reise- og avbestillingsforsikringen i kortet. Følg med på rådet frå styresmaktene og tilpass ferieplanane deretter.

  3. Reiseopplevingar i verdsklasse 
    Noreg har utruleg mykje å by på og noko for kvar og ein smak. Er du usikker på kva du kan oppleva som turist i eige land tilrår vi at du tar ein titt på nettsidene til Visitnorway.no. Her finn du aktuell koronainformasjon og ei rekke gode tips til ein uforglemmelig norgesferie.

    Husk å booka hotellopphaldet med kredittkortet så er du trygg dersom noko skulle skje. Og ei god oversikt over ledige hotell til ein rimmelig pris finn du hos Eika Hoteller

  4. Tilgang til pengar ved behov
    Sjølv om du vel å feriera i Noreg, kan det hendet at du treng å booka både hotell og leigebil. Til og med bubil viss du er ein av dei som elskar lange bilturar der familien kan sjå på den fantastiske naturen det vakre landet vårt har å by på.

    Både hotell og leigebilselskap reserverer ofte større summar enn den avtalte prisen du skal betala. Brukar du eit vanleg bankkort, kan det føra til at du plutseleg har mindre pengar å rutta med enn du hadde planlagt.

    Dei tar høgde for at du kan utsetja bilen, bubilen eller hotellrommet du leiger for ein skade. Det fører til at pengane blir frosne på kontoen din, noko som kan vera veldig upraktisk. Bruk derfor alltid kredittkortet når du bookar hotell og/eller leigebil. 

    Visste du forresten at du får 10 % rabatt hos Eika Leiebil når du betaler leigebilen med kredittkortet ditt frå oss? 

  5. Tryggleik for uventa kostnader
    Mykje kan skje på ei reise. Kanskje må du overnatta på eit hotell, medan du eigentleg hadde planlagt å campa i telt. Og skulle delar av bagasjen eller nokre verdisaker bli borte, kan du plutseleg vera nøydd til å betala for meir enn feriebudsjettet strekker til.

    Kredittkortet frå oss gir deg ekstra tryggleik det kan vera godt å ty til dersom noko uventa skulle skje.

    Snart er sommaren her! Planlegg turen og nyt Noreg – #tavarepå på feriekosen.