Innhald

BankID med kodebrikke

BankID er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på internett. BankID kan nyttast på tvers av alle norske bankar, og på stadig fleire nettstader - både i privat og offentleg sektor. Du kan for eksempel nytte BankID for å logge deg inn i nettbanken din, på Altinn, NAV og Skatteetaten. Det einaste du treng er personleg kodebrikke eller BankID på mobil.

  • Med BankID kan du signere dokument elektronisk slik at du slepp å møte opp personleg eller sende post.
  • Praktisk når du for eksempel skal søkje om barnehageplass, sende inn sjølvmelding, gi bod på bustad eller søkje om lån.
  • BankID opprettar du i banken din. Hugs å ta med pass.