Hugs at banken aldri sender deg e-post med lenker til sida der du skal oppgi sensitiv informasjon. 

PC-ar med gammal programvare kan gjere det mogeleg for kriminelle å få tilgang til passord og andre private opplysningar. Nokon freistar å nå kontoane til nettbankkundane gjennom angrep med trojanarar eller uønskt programvare, som gjerne kjem via e-post. Det er viktig at du som nettbankkunde følgjer nettvit og sikrar PC-en din med oppdatert programvare. Antivirusprogram og brannmur må også installerast. Dessutan er det viktig å vere svært kritisk før du opnar e-post og vedlegg frå ukjende avsendarar.

Frå tid til anna får kriminelle gjennomført uautoriserte transaksjonar i nettbankane ved hjelp av trojanarar som har infisert kunden sin PC. Ingen kundar har tapt pengar, ettersom bankane har erstatta beløpet som er stole. Trojanarar og anna skadeleg malware kjem også i framtida til å utgjere ein del av det internasjonale trusselbiletet. Overvakinga av internasjonal kriminell aktivitet knytt til norske og skandinaviske nettbankar er derfor trappa opp dei siste åra. 

Ei anna form for misbruk er at kunden blir ført inn på ei web-side som gir seg ut for å vere banken si, men som ikkje er det, dette kallas phising. Ein får ein e-post med lenke til ei ekstern web-side og på denne web-sida blir ein bedt om å oppgi kortdata, pinkode etc. Denne informasjonen blir så misbrukt til å stele pengar frå kunden.

Norske og nordiske bankar arbeider kontinuerleg med å forbetre nettbanktryggleiken. I tillegg til overvaking er det fleire ledd av forsvarsverk rundt nettbankane som gjer at nettbanken er trygg, sett ut frå den samla nettbankbruken til kundane. Det har skjedd og kjem til å skje på nytt, men med bankane sitt arbeid for auka nettbanktryggleik, er det framleis svært lite sannsynleg å bli utsett for kriminalitet knytt til nettbank.