Har du òg valt å legga årets ferie til din eigen heim? Mange veljar å kombinera det faktumet at ein er heime med å pussa opp huset sitt. Det aukar både trivselen – og verdien på heimen din. Kanskje er det på tide å bygga ut garasjen, måla om huset eller kanskje har du bestemt deg for å gjera hagen din til ein eigen oase?


Her er tipsa våre til oppussingen:

  1. Syt for å leggje ein god plan
    Med ein god plan unngår du dyre overraskingar undervegs – og du kan jobbe meir effektivt. Set opp ein totalplan som inneheld målet for sluttresultatet, eit detaljert budsjett og den planlagde rekkjefølgja og tidsbruken på delprosjekt. Dess større prosjektet ditt er, dess viktigare er planlegginga.
  2. Finn ut kva du kan gjere sjølv ...
    Svært mange oppussingsoppgåver det er fullt mogeleg å gjere sjølv, og ofte er det meir lønnsamt å ta seg permisjon frå jobb enn å lønne ein profesjonell handverkar – sjølv om du brukar lenger tid på arbeidet. Maling, riving og legging av parkettgolv er typiske oppgåver du fint greier sjølv.
  3. ... og kva du bør overlate til andre
    Dette er sjølvsagt avhengig av kva slags førekunnskapar du har. Mange sparar til dømes mykje tid og får eit betre resultat ved å setje vekk jobbar som sparkling og pussing av mur. I tillegg bør du bruke fagfolk til arbeid som omfattar berekonstruksjonar og VVS. Her kan nemleg feila bli svært kostbare. Elektrikararbeid er du lovpålagd å ha fagfolk til å gjere.
  4. Hent inn tilbod frå fleire handverkarar
    Dei fleste synest det er trygt og behageleg å hente inn tilbod frå ein totalentreprenør som gir éin pris for heile jobben. Diverre kan det bli unødvendig dyrt – i alle høve om du ikkje hentar inn tilbod frå fleire firma. Det aller beste er å ta kontakt med kvar einskild handverkar på eiga hand. Det krev litt meir arbeid, men kan potensielt spare deg for fleire titusen kroner i administrasjonspåslag.
  5. Kjøp rimelege materiale
    Bruk tid på å undersøkje prisar frå fleire forhandlarar. Det er viktig at du har hugsa punkt 1 og har ei materialliste du kan vise til når du snakkar med butikkane. Skal du handle i store kvantum bør du prøve å forhandle fram ein rabatt.
  6. Vel rett finansiering
    Mange ser berre på renta når dei skal låna pengar til oppussing og endar opp med å baka det inn i bustadlånet. Hugs at nedbetalingstida har like mykje å seia, spesielt om du skal i gang med mindre oppussingsprosjekter. Snakk gjerne med rådgivaren din i banken om i kva grad det er mogleg og fornuftig å låna på bustaden din, eller om det kan passa med eit Eika Smålån.
  7. Tenk kreativt og finn smarte løysingar
    Les interiørblad, sjå oppussingsprogram på TV og søk på nettet etter gode råd og tips. Det er ein heil haug med smarte (og rimelege) råd der ute.

Korleis finansierer du oppussinga? Snakk med ein rådgivar i dag eller søk om Eika Smålån.

God sommar, og lykke til!

Kjelder: Aktiv Eiendom, smartepenger.no, nrk.no, ifi.no og skikkeligrorlegger.no.