Det er fort gjort å mista oversikta om du har fleire forbrukslån med ulike forfallsdatoar. Hugs at du alltid kan komma til oss for ein rådgivarsamtale. Som den lokale banken din kjenner vi deg godt – kanskje har du bustadlån og forsikringar hos oss frå før – og vi veit ofte kva som vil vera lurt i situasjonen din.

Løysinga vil i mange tilfelle vera å samla lånene dine i eitt enkelt lån. Du som har ledig sikkerheit i bustaden din, kan baka det inn i bustadlånet. Husk berre at dei lønner seg å nedbetala fortare, og at det kan bli dyrare dersom du nedbetaler smågjeld til dømes over 25 år.
 
Alternativet er å samla det i eit Eika Smålån som gir god oversikt og kontroll. 

Eika Smålån er vårt tilbod til deg som vil refinansiera forbrukslån og kredittkortgjeld ved å samla alt på éin stad. På denne måten, kjem du til å:

  1. Spara pengar
    Låg etableringskostnad og ei av dei lågaste rentene i marknaden. Lågare terminkostnader og gebyr gjer at dei månadlege utgiftene går ned, og du kan velja å betala ned lånet raskare.
  2. Få betre oversikt
    Med all gjeld samla hjå oss har du éin dato, éin sum og éin bank å ta omsyn til. Det gjer det lettare å planleggja kvardagen og ha kontroll på økonomien.

Slik søkjer du om refinansiering

  1. Fyll ut søknaden og send inn
    Opplysningane du legg inn i kalkulatoren, blir tekne med vidare til søknadsskjemaet.
  2. Få tilbod
    Dersom søknaden din blir godkjend, får du eit tilbod om finansiering rett etter at du har sendt han inn. Tilbodet varer i 30 dagar.
  3. Signer lånedokumenta med BankID
    Du kan òg signera med BankID på mobil.
  4. Vi betaler ut og ordnar opp for deg   
Sjekk pris og søk om Eika Smålån her