No som vi tek den nye normalen inn over oss, er det på tide å gi deg som kunde ein god klapp på skuldra og seia; Gratulerer! Du greidde det! Du har halde deg til spareplanen din og du har greidd å halda deg roleg gjennom krisa. Det er det verdt å applaudera, både i dag og når det kjem betre tider. Vi er ikkje over Koronakrisa enno. Mest sannsynleg kjem det nye kriser eller situasjonar der marknadene kan svinga, men no har du blitt utsett for den ultimate testen, og du veit at du handterer ei slik krise. 

Jungelen av informasjon kan opplevast kaotisk og til tider rotete. Tipsa er velmeinande og gode, men blir det ikkje litt mange gjentakingar? Jau, det blir gjentakingar, men det er likevel dette som er kjernen i bodskapen vår. Dersom du held deg til den spareplanen du har laga, og står i stormen gjennom krisa, så tek vi oss av resten. Det er jo det som er så fint med ei spareavtale, dei flinke forvaltarane våre tek seg av pengane dine på best mogleg måte, så du slepp å gjera det.

Det er ikkje mogleg å tjuvstarta

Vi har tidlegare skrive «Det beste tidspunktet for å byrja med fondsparing er alltid no». Som fondssparar er det nemleg vanskeleg å finna det beste tidspunktet for å kjøpa aksjefond. Det er derfor vi rår deg til å ha ei spareavtale. Då spreier du kjøpa dine over ulike periodar, og du kjøper fondspartar til ulike prisar som samla og historisk sett gir deg ei forventa høgare avkastning over tid enn om du berre har pengane på ein sparekonto.  

 

Biletet viser korleis sparepengane dine har stige i verdi på ein sparekonto og i aksjefond. Sjølv om marknaden svingar, viser historia at ein kan forvente ein høgare avkastning i aksjefond enn på ein sparekonto

 

Likevel, som med alt anna, finst det ingen reglar utan unnatak:


- Det er lurt å handla når noko er billeg, det same gjeld òg for aksjefond. 


Ettersom børsane over heile verda har opplevd eit kraftig fall, kan dei som set pengane i aksjefond få meir for pengane. Dersom du investerer 1 000 kroner i eit aksjefond i dag, får du fleire fondspartar enn om du hadde gjort det same før Koronakrisa, forklarar investeringsdirektør i Eika, Stig Erik Brekke.
Tida kan no vera rett for å spara litt ekstra, anten ved å justera til eit høgare månadleg sparebeløp eller kanskje til og med oppretta ei ny spareavtale i eit nytt aksjefond. Samstundes er det viktig å ta opp att at aksjemarknaden kan falla ytterlegare. Då bør du i tilfelle framleis sitja stille i båten om marknaden opplever ein ny nedgang, og hugsa at historia viser at dette går over att.  

Prøv fondskalkulatoren vår 

 

Spar i fond med Smartspar-appen

Om verda ikkje var digital frå før, har ho i alle høve blitt det med Korona. Smartspar-appen gjer det enkelt for deg å kjøpa meir fond, og gir deg god oversikt over fonda dine. Smartspar har òg ein unik gåvefunksjon, så kvifor ikkje gi ei digital bursdagsgåve i år?

 

Les meir om Smartspar

Smartspar gjer sparinga smart 
Last ned Smartspar til Android 
Last ned Smartspar til iPhone

Psst! Smartspar har òg ein unik gåvefunksjon. Sjå kor enkelt det er å samla dåps-, bursdags- og konfirmasjonsgåver i eit sparefond som veks med barnet ditt.
Gåve i Smartspar 

Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning kjem mellom anna an på marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltaren er, risikoen i verdipapirfondet, og kostnader ved teikning, forvalting og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.