Er du blant dei som synast det gjekk litt for mykje pengar i desember? Med desse tipsa kjem du betre i gong i januar.

Nyttårsaftan kryssar vi fingrane og lovar oss sjølve - og kvarandre, at i år skal vi bli flinkare. Vi skal ete mindre, trene meir, slutte å røyke, sjå meir til venene våre. Kanskje er du også blant dei som i tillegg har bestemt seg for å bruke pengane meir fornuftig i 2017? Det kan høyrast vanskeleg ut, men er i grunn det lettaste av nyttårsforsetta å kome i mål med.

Her er 3 tips som hjelper deg i gong.

Start BSU-avtale
Boligspar for ungdom (BSU) er ein fantastisk måte for deg som er under 34 år å spare til din første bustad på. Ein full BSU-konto på 300.000 kroner er gull verdt den dagen du skal kjøpe din første bustad. Pengane på BSU-kontoen får banken si beste rente, og best av alt - du får 20 prosent i skattefrådrag på alt du sparer. Set du inn maksbeløpet på 25.000 kroner, kan du difor få 5.000 kroner i skattefrådrag.

Den beste måten å spare i BSU er å legge inn eit fast trekk på kontoen din. Då sparer du nesten utan å tenke på det.

Start fondssparing i mobilbanken
Visste du at du med eit par tastetrykk faktisk kan starte fondssparing rett frå mobilbanken? Enklare blir det ikkje. Vel sparebeløp per månad og kva for eit fond du vil satse på, og set i gong. Aksjekursane går opp og ned, men all erfaring tilseier at med eit langsiktig perspektiv på sparinga di, vil du få meir igjen for pengane dine dersom du set dei i fond framfor ein sparekonto. Dette gjeld ikkje minst no som vi har historisk lav rente.

Opprett ein bufferkonto
Pengar som står på brukskontoen har ein lei tendens til å bli brukt opp, uansett kor mykje det er snakk om. Difor er det lurt å sette pengar til side på ein annan konto du ikkje har like lett tilgang på. Det er alltid lurt å spare til kortsiktige mål. Éin dag ryk radiatoren på bilen, du treng ny vaskemaskin eller bestemmer deg for ein litt dyrare ferie. Å ha ein bufferkonto når rekningane hopar seg opp, er difor alltid ein god idé.