Lov om tenestepensjon seier at alle bedrifter med meir enn to tilsette må ha ei tenestepensjonsordning. Det må settas av minimum to prosent av lønna til dei tilsette i ordninga, men det ligg ingen hinder i vegen for å spare meir. Likevel har 44 prosent av alle norske arbeidstakarar ei pensjonsordning som berre tilfredsstiller minimumskrava i lova.

- To prosent er dessverre ikkje på langt nær nok dersom du vil oppretthalde kjøpekrafta når du blir pensjonist, seier Gunnar Birkevold, marknadsdirektør i Eika Kapitalforvaltning.

Her er hans fem tips for korleis du lett kan gjere noko med pensjonsordninga i bedrifta di:

1. Sett av ein time med ein bankrådgivar

Bedriftsrådgivarane i den lokale sparebanken din kan hjelpe deg over den dørstokkmila du ofte opplever når det er snakk om pensjon. Litt meir oversikt, og meir kunnskap både om gjeldande ordning og moglegheitene som finst, gjer deg tryggare.

2. Legg ein plan

Pensjon vil bli viktigare i åra som kjem. Legg derfor ein plan no for korleis du skal betre pensjonsordninga i bedrifta di. Med ein god plan, har du kontroll på kostnadene, og dei tilsette vil sjå at du tenkjer på deira beste. Det vil både gjere dagens tilsett fornøgde, samtidig som ei god pensjonsordning er eit godt rekrutteringstiltak.

3. Involver dei tilsette

Det er ikkje berre du som må tenkje på pensjon. Skal dei tilsette oppnå ein tilfredsstillande pensjon, må også dei engasjere seg og få eigarskap til pensjonsordninga. Inviter dei tilsette med til diskusjonar, og involver gjerne ein bankrådgivar slik at alle får meir kunnskap om pensjon.

4. Bli enige om eit spleiselag

Eit spleiselag er alltid lettare å få til enn om ein av partane må stå for alle utgiftene. Ei løysing er at de ved neste lønnsoppgjer blir einige om at én prosent settas av til pensjon, mens resten går til lønn. Dette kan ein gjere kvart år, eller anna kvart år. Slik får ein ei langt betre pensjonsordning på få år, utan at det eigentleg kostar noko ekstra for deg eller for dei tilsette.

5. Ikkje vent til i morgon

Det er lett å skuve pensjonsspørsmål framfor seg, men det er ingen god idé. Som bedriftsleiar må du vise samfunnsansvar, og som tilsett må du tenkje langsiktig. Pensjon må dei nemlege spar sin over mange år. Det kan vere for seint å tenkje på dette på slutten av karrieren din, så start jobben allereie i dag.