Er du blant dei som tenkjer at du burde laga ein god og heilskapleg plan for økonomien din? Sjekka at du har dei riktige forsikringane og at du sparer på rett måte?

Du er ikkje aleine. Det kan kjennast litt overveldande, og derfor er det lett å utsetje det til i morgon – og til dagen etter der.

- Det er heilt naturleg, men det er også derfor vi er her. Det er lettare å setje seg ned saman med nokon, og gå gjennom alt det du har tenkt på ei stund, seier salsleiar Monica Prestø i lokalbanken.

Her er grunnane hennar til at vi bør ta oss saman – helst i dag.

1. Få oversikt

Du har sikkert rimeleg god oversikt over eigen økonomi, men kor lenge er det sida du sette deg ned med alle faste utgifter og faktisk sette opp eit budsjett? Gjer du denne øvinga, vil du ganske sikkert få nokre aha-opplevingar. Du ser lettare kva pengane dine går til, kor mykje du bør setje av på eigen rekningskonto, og om det er noko sparepotensiale i kvardagen.

2. Lag ein spareplan

Har du ein draum du ikkje helt ser korleis du skal oppnå? Eller har du begynt å tenkje på pensjonisttilværet? Når du har fått oversikt over inntekter og utgifter, er det også lettare å sjå kor det er pengar å spare. Alle kan klare å spare noko, om det så er ein liten sum i månaden. Og mange bekkar små, blir som kjend ei stor å.

- Vi ser at mange sparer for lite. Kanskje sette du opp ein spareplan for nokre år sidan, men har gått opp i lønn sidan den gong. Då bør du også auke sparinga, i tillegg til å ha ein gjennomgang av korleis du sparer. Å ha pengar på konto, er lite lønnsamt i desse dagar. Sjå på moglegheita for å spare i fleire fond, og spre risikoen din riktig, anbefaler Prestø.

LES OGSÅ: Å spara i aksjar er blitt ein folkesport

3. Sjekk forsikringane

Statistikk viser at berre 1/3 av oss er godt nok dekka når det gjeld forsikringar. Kor lenge er det sidan du hadde ein gjennomgang av dine? Har du for eksempel endra på innbuforsikringa sidan du kjøpte huset ditt? Og korleis står det til med personforsikringane dine? Er bilen betre forsikra enn kona?

- Vi ser i alle fall ofte at hunden er betre forsikra enn barna. Sånn burde det jo ikkje vere. Om du eller barna skulle bli uføre, vil den økonomiske kvardagen deira bli ein helt annan, seier Prestø.

LES OGSÅ: Derfor bør du kjøpe uføreforsikring

Ein gjennomgang av forsikringane kan også vise at du kanskje betaler for mykje i forsikring. Er du blant dei som aldri er utsett for ulukker, kan du kanskje setje eigendelen litt høgare. Eller du kan gjere grep i huset din som kan gi lågare kostnader på sjølve forsikringa.

- I tillegg lønner det seg å samle forsikringane hos oss. Har du tre forsikringar eller meir, får du ein samlerabatt, seier Prestø.

4. Sjå på låneprofil

Med låge renter, er det gunstig å ha lån. Men korleis er låneprofilen din? Skal du ha fast rente, eller flytande rente? Er det behov for å slå saman fleire små lån, og bør du vurdere rammelån? Dette er viktige spørsmål som har mykje å seie for den økonomiske kvardagen din, og som det kan vere lurt å snakke med ein rådgivar om.

- Er du usikker på økonomien din framover, kan du for eksempel få ein gunstig fastrenteavtale sidan lånerenta no er historisk låg. Då har du ei forutsigbarheit som flytande rente ikkje kan gi, seier Prestø.

Og har du lån, bør du sjekke kva som kan skje dersom ulukka skulle vere ute.

- Når du har ei leilegheit, bør du ha ei innbuforsikring. Har du lån, bør du ha personforsikring. Skulle nokre i familien bli alvorleg sjuke eller døy, er det viktig at dei som er igjen kan leve vidare. Dette er blant dei viktigaste tinga du kan snakke med ein rådgivar om. Vi må kunne sjå kundane våre i auga, og vite at dei ikkje vil få økonomiske problem i tillegg til sorga om noko dramatisk skulle skje, seier Prestø.

Derfor valde Einar Bøysen og sambuaren hans å kjøpe dødsfallsforsikring

5. Bli kjend med kunderådgivaren din

I den digitale kvardagen vår, er det mykje som kan gjerast via nett- eller mobilbank. Likevel er det ein tryggleik i å ha ein kunderådgivar i banken som kjenner deg og behova dine.

- Vi i lokalbanken synest den personlege kontakten er viktig. Når den er etablert, er terskelen for å snakke saman igjen mykje mindre. Dei fleste tek kanskje ikkje kontakt med banken før det skjer ei eller anna omvelting i livet, som kjøp av nytt hus. Men anbefalinga vår er å ta ein gjennomgang av økonomien mykje oftare enn det – gjerne ein gong i året, seier Prestø.

Kontakt oss i dag så avtalar vi eit møte i banken om di økonomi.