- Vipps starta som ei vennebetalingsteneste, men no står kjøp i butikkar, nettbutikkar og appar for kring ein fjerdedel av transaksjonane. På sikt skal vi gjere Vipps til det naturlege valet i alle betalingssituasjonar, slår nestsjef i Vipps, Elisabeth Haug fast.

- Eg er ikkje i tvil om at bedrifter som tek betalt med Vipps får ein meirverdi. Betalinga blir enklare, og vi trur det kjem til å gi seg utslag i meir fornøgde kundar og meir sal, seier ho.

Vipps har kring 300 000 transaksjonar på normaldagar, og gjennomsnittlege overføringar på vennebetaling ligg på rundt 500. Så langt har kring 45 000 bedrifter, lag og foreiningar og andre aktørar byrja å bruke Vipps for å ta betalt. Kring halvparten av desse er bedrifter, medan den andre halvparten består av lag og foreiningar og andre aktørar. Gjennomsnittlege kjøp med Vipps ligg på kring 200 kr.

- Vipps har nesten blitt ein betalingsstandard på idrettsarrangement, dugnader og liknande. Vipps blir òg mykje brukt til billettkjøp på kollektivtransport. I tillegg er vi svært glade for at nettbutikkar no for alvor har byrja å bruke den enkle betalingsløysinga frå Vipps. Vi har inngått avtale med over 1000 nettbutikkar og gjennom avtalen med MyStore får vi innpass i meir enn 2500 nettbutikkar. På faktura har vi inngått avtalar med store aktørar som OneCall, Fjellinjen og Vegfinans. Det er stor vekst på rekningsbetaling og netthandel og vi ventar at dette aukar ytterlegare dei komande månadene, seier Haug.

- Folk er lut lei av å fylle ut lange rekkjer med kontaktopplysningar og kortinformasjon. Vi ønskjer å gjere betaling og overføringar enkelt, og har erklært krig mot utfylling av kontrollnummer, CSC-kode, KID-nummer. Dersom du brukar Vipps ligg alle opplysningane allereie i appen, og det einaste du treng er eit telefonnummer, seier ho.

I tida framover skal Vipps implementast i varehandelen og integrerast mot betalingsterminalar.

- Når det gjeld betaling i daglegvarebutikken testar vi ut løysingar som skal gjere mobilbetaling enklare enn kortbetaling. Dette er eit felt der ingen har lukkast enno, men vi har stor tru på at vi har knekt koden. I mai lanserte vi VippsGO som er ei teneste som rettar seg mot butikksegmentet. Denne tenesta har blitt godt motteken i marknaden og bidreg til å gjere kjøpsopplevinga enklare. Vi har òg gjennomført fleire pilotprosjekt for betaling via terminal med gode resultat. Vipps som mobil lommebok for betaling i terminalar kjem til å bli tilgjengeleg hjå ei rekkje leverandørar av terminal- og kassasystem framover, lovar Haug.

Slik får du Vipps til di bedrift:

VippsGO – Flytt butikken inn i appen
VippsGO er ei heilt ny løysing frå Vipps, som er skreddarsydd for små butikkar og for lag og foreiningar som har ein kiosk eller ein utsalsstad. No kan kunden bestille og betale før dei kjem til kassa. Vi snakkar om ein butikk rett på mobilen. VippsGO er rett og slett mobilbetaling i si aller, aller enklaste form. Set opp butikken din på 30 minutt! Les meir: Vipps i butikk.

Vipps Faktura
Gammaldags papirfaktura er dyrt, tungvint og unødvendig. Vipps faktura er raskare, enklare og meir lønnsamt for bedrifta di, og gjer kjøpsopplevinga betre for kundane dine. Over 1 million nordmenn har allereie takka ja til å ta imot Vipps Faktura. Les meir: Vipps Faktura.

Vipps i nettbutikken eller appen din
Gjer det enklare å handle og skaff deg Vipps i nettbutikken eller appen din. Alt kunden din treng er mobilen – dei kan gløyme kortnummer, utlaupsdato og sikkerheitskode. Les meir: Vipps Betal nettbutikk.

Vipps for bedrifter
Vipps gjer det enkelt for kundane dine å betale, du treng ingen bankterminal eller kontantar og pengane får du rett inn på konto. Vipps har ingen etableringsgebyr eller abonnementspris. Les meir: Vipps Bedrift - Sign Up.

Vipps i butikken din
Når du integrerer Vipps mot terminalen din, blir det superenkelt for kunden din å handle. Då er det berre å halde telefonen over terminalen, og godkjenne med eit fingeravtrykk når varene er slått inn. Vi tilbyr òg integrasjon mot kassasystemet. Då legg du inn kunden sitt telefonnummer i kassa og sender ein betalingsførespurnad til kunden sin telefon. Les meir: Vipps i butikk.

Rekneskap og rapportering
Les også meir om bedrifts-appen til Vipps, Vipps-portalen og rapporterings- og oppgjerssystemet i Vipps.