Det kan vere lurt å bruke litt ekstra tid på å sikre huset før ein reiser bort. Slik kan ein unngå å kome heim til ein endevend eller skadd heim.

  • Sørg for at alle dører og glas er låste.
  • Ikkje legg igjen nøkkel til huset under dørmatte, i blomsterpotter eller annan stad utanfor huset.
  • Skru på bustadalarmen før du reiser. 
  • Få huset til å sjå bebodd ut. 
  • Høyr med naboen om dei kan ta inn posten for deg. 
  • Steng hovudstoppekrana, for å unngå å kome heim til eit vasskadd hus. 
  • Ikkje reis frå huset ditt med alle lys på. Har du smartplugg med timar kan du stille den inn til å skru på lys av og til. 
  • Ver forsiktig med sosiale medier. Det er aldri lurt å annonsere at du er bortreist for fleire enn vennene dine.