Store snømengder gir òg store vassmengder. Her får du difor tips til korleis du best kan sikre deg ved flaum.

Slik sikrar du deg ved flaum:

  • Sørg for at avlaup og kummer er opne slik at vatnet har fritt leie.
  • Sjå til at nærliggjande bekkar ikkje er demma opp av lausøyre eller andre gjenstandar.
  • Fjern store kvistar og gjenstandar som kan hindra fri vassførsel. Flytt dei til ein stad kvar dei ikkje kan bli tatt av vatnet.
  • Ved flaumfare, rydd for lause materialar, rundballar og andre gjenstandar som kan bli tatt av vatnet.
  • Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar, fjøs, garasje eller andre bygningar, bør gjenstandar bli løfta opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastboksar som tola vatn.
  • Fjern lause tepper og anna laust golvbelegg. • Hald dører og vindauge til kjellar og loft lukka. Dekk til med sandsekkar om nødvendig.
  • Følg med på nyhendesendingar og meldingar frå lokale styresmakter. Ved store hendingar kan det bli iverksett tiltak frå styresmaktene.
  • Avtal med naboar eller venner om å foreta tiltak og hald auga med garden eller bygningane dine dersom du ikkje er heime.

Kjelde: Finans Norge

Er du allereie ramma av flaum? Fortvil ikkje, vi gir deg tips til korleis du kan avgrensa skadane.