For å få erstatning dekka av avbrotsforsikring, må det visast til ei erstatningmessig skade på bygning eller eigendelar. Dette gjeld også dersom verksemda får redusert eller fullstendig stans i drift. Kan ein vise til ein slik erstatningmessig skade sikrar avbrotsforsikringa at verksemda sitt økonomiske resultat er det same som før skaden skjedde.

Dekkjer avbrotsforsikringa tap grunna Korona?
Utbrotet av Koronaviruset påfører ikkje skade på bygning eller eigendelar. Dermed dekkjer ikkje avbrotsforsikringa tap som følgje av koronautbrotet.

Kva med permitteringar, stenging eller redusert omsetnad?
Det er også her krav til ein erstatningmessig skade på bygning eller eigendelar for at forsikringa skal gi erstatning. Avbrotsforsikringa gjeld når tilgjenge til eller bruken av forsikringsstaden er fysisk hindra eller vanskeleggjort som følgje av skaden sjølv eller skadeførebyggjande tiltak.

Då Koronaviruset ikkje blir definert som ein erstatningmessig skade, dekkjer avbrotsforsikringa heller ikkje tap som følgje av at verksemda må stengje eller avlyse planlagde aktivitetar grunna utbrotet av Koronaviruset. Det same gjeld dersom verksemda får redusert omsetnad fordi den ikkje får nødvendige leveransar frå leverandørar som har stengd på grunn av Korona.

Det er altså ikkje mogleg å kjøpe forsikring som erstattar det reduserte økonomiske resultatet som følgje av Koronaviruset, anten det kjem som følgje av permitteringar eller andre årsaker i kjølvatnet av utbrotet av Koronaviruset.

Verksemder må ha yrkesskadeforsikring
Dersom verksemda blir nøydt til å permittere heile eller delar av arbeidsstokken sin, må yrkesskadeforsikringa framleis haldast gåande. Verksemda har framleis forsikringsplikt.

Ta kontakt med oss dersom verksemda må permittera tilsette. Å sikra at forsikringane ein har er oppdaterte er viktig, og vi kan sørgje for at verksemda er riktig forsikra.

Det same gjeld dersom verksemda di opplev redusert omsetnad som følgje av situasjonen vi er i no.