Rekningar – det er kanskje kjedelege saker, men det skal gjerast jamt og trutt. Vipps eFaktura er ein enkel måte å betale rekningar på. Ikkje berre blir du kvitt papirfakturaene – du slepp å taste inn KID-nummer, og du får varsel i Vipps når det kjem inn ei ny rekning.

Tre fordelar med å betale i Vipps:
Du slepp å taste KID-nummer.
Du får varsel i Vipps når ei ny rekning kjem.
Det er lettare å betale i tide.

Slik gjer du det
Dersom du ikkje allereie får rekningar i Vipps, er dette alt du treng å gjere for å kome i gang:

  • Gå inn på profilen din og sjekk at «Vis rekningar i Vipps» er slått på. Då vil rekningane dine dukke opp i appen.
  • Sørg også for at «Alltid Vipps eFaktura» er aktivert. På den måten slepp du å inngå individuelle avtalar med kvar enkelt bedrift, og du aksepterer samtidig at alle du skuldar pengar kan sende deg Vipps eFaktura. Dei same innstillingane vil bli aktiverte i nett- og mobilbanken din.

Skann papir- og e-postfakturaer i Vipps
Av og til kjem det også papirfakturaer – eller ein faktura i eit vedlegg på e-post. Vipps gjer det enkelt, anten rekningane kjem i nettbanken, på e-post eller i posten. Papirfakturaer kan du skanne via appen – du fyller inn rett beløp, vel dato og betalar.

Slik gjer du det

  1. Trykk på Skann på hovudmenyen, byt til rekningar nederst på skjermen og ta bilete av rekninga.
  2. Stadfest kontoen du skal betale til og KID, og skriv til slutt inn beløpet.

Rekninga du betaler dukkar som vanleg opp under Kvitteringer i appen og i nett- og mobilbanken - enkelt og greitt!