Store grep for store endringar
Kjøpe bil: Vurderer du å kjøpe bil, er det fleire ting det er greitt å tenkje på. Ein bil skaper utslepp både når han blir produsert, og når han er i bruk. Sjølv om du køyrer elbil, står bilen derfor truleg for ein nokså stor del av utsleppa dine. Å kjøpe ein ny elbil er derfor ikkje nødvendigvis betre for klimaet enn å kjøpe ein brukt drivstoffgniten bensin- eller dieselbil, eller for den del å køyre din gamle bil nokre år ekstra. Skal du uansett kjøpe ny bil, kan ein elbil vere eit lurt val, særleg dersom det er ein liten, lett elbil som brukar mindre straum og er produsert med mindre metall og andre materiale enn ein stor bil.
Selje bil: Bur du i eit byområde med gangavstand til mykje og tilgang til kollektivtilbod og taxi dersom det knip? Kanskje du ikkje treng å eige bil i det heile teke? Billån, forsikringar, drivstoff, vedlikehald, bomavgifter og parkering blir fort mykje til saman i løpet av eit år. Kanskje kan du klare deg med kollektivtrafikk, gonge og sykkel i kvardagen, ein taxitur av og til og ein bil frå eit bilkollektiv når du skal på ein sjeldan langtur? Sjølv om du framleis køyrer bil no og då, blir det mindre køyring i løpet av eit år, og kanskje får du også meir helsebringande rørsle og sparar pengar.
Flyturar og feriar: Sjølv om bilkøyring i kvardagen fort gjev eit vesentleg høgare utslepp i løpet av eit år enn ein flytur eller to, så bidreg flyturar med ein stor del av utsleppa for mange nordmenn. Reiser du på ein ferietur til varmare strøk kvart år og set stor pris på det, er det kanskje ikkje der du treng kutte først. Men blir det mange ferieturar med fly i løpet av eit år, trekkjer du kraftig opp dine personlege utslepp. Kan du finne spennande opplevingar på andre måtar? Her kan du lese meir om korleis du kan berekne klimautsleppet av ulike ferieturar.
Små grep i kvardagen
Køyre mindre: Sjølv om du har ein bil, så sparar du utslepp kvar gong du ikkje brukar han. Finst det alternativ der du bur? Kan du gå eller sykle, reise kollektivt, eller køyre saman med ein nabo eller kollega? Reiser du langt kvar dag, kan det også ha effekt om du til dømes kan reise kollektivt delar av vegen.
Sjekke ut alternativ: Har du ikkje heilt oversikt over kollektivtilbodet der du bur? Det lokale kollektivselskapet er ofte den beste staden å starte for å finne ut kva for moglegheiter som finst i ditt område.
Kanskje du kan utfordre deg sjølv til å teste ut kollektivreiser i kvardagen i ei veke, sjølv om du er usikker på om det vil fungere for deg? Hugs at når du køyrer kollektivt, kan du både duppe av, sjekke TikTok og oppdatere status på vegen utan at det gjer noko, og du treng aldri leite etter parkering.