For å enkelt skilje mellom private kjøp og jobbrelaterte utlegg, lønner det seg å ha ein business kredittkort – men hvilke som bør du velje?

Hos Eika kan du velje mellom to typar business-kort:

Kredittkort med privatansvar
kredittkort med bedriftsansvar

Les også: Slik skil du eigen økonomi frå bedrifta sin

Hovudforskjellen mellom desse korta er ansvarsforholdet. Med eit business-kort med privat ansvar, er det korthaldar som er juridisk ansvarleg for all bruk av kortet. Dette er den vanlegaste forma som dei fleste bedrifter bruker, særleg bedrifter som har fleire tilsette. Då er det også korthaldar som blir kredittvurdert når det settes kredittgrense, og dette blir basert på vedkomande si betalingsevne. Den tilsette skriv reiserekningar og/eller utleggsskjema for å få igjen pengane for den bruk som ein har for arbeidsgivar.

Med eit kredittkort med bedriftsansvar blir bedrifta kredittvurdert, og kredittgrensa er basert på betalingsevna til bedrifta. Her er det bedrifta som er juridisk ansvarleg for all bruk av kortet, og ikkje du som privatperson. Dette er ein enklare måte for mindre bedrifter, for eksempel kor eigar og brukar er ein og same person. Då blir kostnadene førte direkte mot bedrifta, og brukaren treng berre å ta vare på kvitteringar saman med fakturaen.

Begge korta har inkludert reise- og avbestillingsforsikring, i tillegg til dei andre fordelane kredittkort frå Eika har.