Det er lenge sidan Vipps berre blei brukt til å overføre småsummar mellom vener. No kan du betale med appen i nettbutikkane til Elkjøp, Expert, Stormberg og Bjørklund – og fleire kjem etter. I nokre av butikkane er det allereie over 30 prosent som vel Vipps som betalingsmåte.

Appen lar deg registrere fleire kort, og du bestemmer sjølv kva for eit du vil bruke. Det er fleire grunnar til at det løner seg å leggje inn kredittkortet:

  • Tryggheit. Belastar du kredittkortet når du vippsar på nett, får du gode reklamasjonsrettar dersom du oppdagar ukjende transaksjonar på kortet eller opplever feil ved leveransen frå butikken.
  • Kontroll. Det er lurt å bruke kredittkortet selv om du berre vippsar pengar til vener. Då har du høve til å sjekke at alt stemmer på fakturaen før du betalar.
  • Reiseutgifter. Reiser du mykje med NSB eller Ruter kan du kontrollere reiseutgiftene dine og få ei ekstra betalingsutsetjing på inntil 45 dagar.

Som kunde i ein Eika-bank har du i tillegg Mobilbanken kjapt tilgjengeleg. Der har du full oversikt over pengebruken utan å måtte logge på pc-en. Vipps + Mobilbank = sant.

Slik legger du inn kredittkortet ditt i appen:

  • Trykk på profilen din
  • Trykk på “Ditt kort”
  • Trykk på “Rediger”
  • Trykk på “+Legg” og legg inn kortinformasjon