Sjansen er stor for at du kan spare tusenvis av kroner på å gjere nokre enkle, økonomiske grep i slutten av desember. Vi har samla 13 gode råd som gir lommeboka di ein god start på 2020.

  1. Fyll opp BSU-kontoen din
    Du som er mellom 18 og 33 år får 20 prosent skattefrådrag på alt du sparar i BSU. Har du pengar til overs er det lurt å setje inn pengar på BSU-kontoen din. Får du sett inn det årlege maksbeløpet på 25 000 kroner før nyttår, får du att 5 000 kroner i skattefrådrag. For at du skal vere sikker på at pengane kjem inn på kontoen i 2020, er det lurt å setje inn pengane så raskt som mogleg – og aller seinast før klokka 14.00 tirsdag 31. desember.

    Fyll opp BSU-kontoen.

  2. Start sparing i individuell pensjonssparing (IPS)
    Du kan spara inntil 40 000 kroner kvart år i IPS, og dersom du sparar maksbeløpet får du i 2019 att 8 800 kroner på skatten. I spareperioden betaler du ikkje skatt på avkastninga, og sparesaldoen din er unnateken formuesskatt. Hugs at pengane er bundne fram til du er 62 år. Dersom du ønskjer å få skattefordelen for skatteåret 2020, må du byrja med IPS-sparing innan 18. desember for eksterne fond. For Eika-fond er fristen 29.desember.

    Begynn å spare i IPS.

  3. Opprett ein aksjesparekonto (ASK) og flytt fonda dine dit
    Med ein aksjesparekonto hjå oss kan du kjøpa, selja og byta aksjefond utan at det blir utløyst skatt undervegs, så lenge du ikkje tek ut gevinsten frå kontoen. Du får dermed utsett skatten, og det kan over tid ha mykje å seie for den samla avkastninga di. Dersom du samlar alle aksjefonda dine hjå oss innan utgangen av 2019 slepp du dessutan å betala skatt ved overføringa.

    Opprett ein aksjesparekonto.

  4. Jobb deg opp til frikortgrensa
    I 2019 kan du tene inntil 55 000 kroner utan å måtte skatta av pengane. Dersom du framleis har litt å gå på før du når grensa, kan det vere lurt å finne ut om det er moglegheiter for å tene litt ekstra. På den måten får du tent det maksimale beløpet utan å betale skatt.

  5. Vurder om du treng eit nytt skattekort
    Har noko endra seg sidan den førre sjølvmeldinga, til dømes nytt bustadlån eller endring i lønna? Før årsskiftet er det lurt å ta ein gjennomgang av skattekortet for å kontrollere at du har ført opp rett lønn, og får dei skattefrådraga du har krav på.

  6. Gi gåver til frivillige organisasjonar
    Ikkje berre er det ei hyggjeleg julegåve – du får òg skattefrådrag dersom gåva er på minst 500 kroner. Hugs berre å kontrollere at organisasjonen du gir til står oppført på Skatteetaten si liste over godkjende organisasjonar. Maksimalt frådrag for gåver er 40 000 kroner per år.

  7. Skal du selje bustad før du kjøper? Avtal overtaking etter nyttår
    Dersom du får utbetalt pengane før årsskiftet kan det spela inn på formuesskatten. Avtal overtaking rett over nyttår – så slepp du unna skattesmellen.

  8. Gi forskot på arv
    Dette gjeld deg som har netto formue som overstig fribeløpet. Reduser formuesskatten ved å gi barna dine forskot på arv. Dei har antakeleg gjeld som gjer at dei slepp formuesskatt. Hugs berre at barna må vera 17 år eller eldre, elles blir dei uansett likna saman med deg.

  9. Utset lønn
    Dersom du står i fare for å få toppskatt, kan det vera lurt å utsetja noko av inntekta til neste år. Berre hugs at du må tena mindre i 2020 enn i 2019, elles har det ikkje noko for seg å utsetja lønna. Grensa for toppskatt er på 617 500 kroner.

  10. Gjer småtenester
    Så lenge du ikkje er næringsdrivande, kan du ta imot opp til 6 000 kroner skattefritt for mindre tenester, slik som snømåking, målejobbar, barnepass og liknande. Dette kan du gjera ti gonger kvart år, med andre ord opp til 60 000 kroner skattefritt i tillegg til eit eventuelt frikort.

  11. Leig ut hytta i jula.
    Blir det ikkje juleferie på fjellet i år? Hugs at du kan leige ut hytta for inntil 10 000 kroner skattefritt.

  12. Driv du eige firma?
    Har du konkrete planar om å kjøpe driftsmiddel som maskinar og datautstyr er det lurt å gjere dette seint på året – avskrivingsbeløpet blir nemleg like stort uansett når på året du har investert.

  13. Invester i ei gründarbedrift
    Visste du at du kan få frådrag i alminneleg inntekt med inntil 500 000 kroner kvart år for aksjeinnskot i eit oppstartsselskap? Det vil seia at du kan minska skattebelastninga med inntil 115 000 kroner. Innskotet må utgjera minst 30 000 kroner, og du kan ikkje vera gründar eller eigar frå før.

    Les meir på Skatteetaten.no