Utdatert nettleser
Denne nettsiden vil gi redusert funksjonalitet i denne nettleseren. Vi støtter de fleste nettlesere med de nyeste versjonene som Chrome, Firefox, Safari og Edge. Hvorfor trengs en oppdatert nettleser? Finn det ut her og last ned nyeste versjon
Pensjonssparing
Ein god pensjon består av pensjon frå Folketrygden, pensjon frå arbeidsgivar og eiga sparing. Dess tidlegare du startar med eiga sparing, dess meir kan du få i pensjon. Last ned spareappen Smartspar for å enkelt få oversikt over pensjonssparinga di
Eiga sparing gir deg meir i pensjon
Få god oversikt over pensjonssparinga di i Smartspar
Pensjon kan forklarast ved hjelp av "pensjonshuset" og består av tre deler sparing, pensjon frå Folketrygden, pensjon frå arbeidsgivar og eiga sparing.
Sjekk der mykje du kan få i pensjon med spareappen Smartspar
Last ned Smartspar ved å trykkje på eit av ikona og logg inn med BankID
Trykk på "Pensjon frå arbeidsgivar"
Trykk på den grøne knappen "Se kva du får i pensjon" og følgje stega som kjem
Sjå kor mykje du kan få i pensjon og lag deg eit sparemål for pensjon for å spare litt ekstra kvar månad.
Kvifor bør du spare til pensjonen
Kva er pensjon?
Pensjonen din er det du skal leva av når du sluttar i arbeidslivet.
Pensjonen består av tre delar;
- Pensjon frå folketrygda
- Pensjon frå arbeidsgjevar
- Eigen pensjonssparing
Korleis veit eg kva eg får i pensjon?
Kva er pensjonstal?
Pensjonstal er ei slags utrekning eller pensjonskalkulator som skal gi deg ei betre oversikt over pensjonen din. Denne viser kva du samla kan forventa å få i pensjon frå Folketrygda, pensjonssparing frå tidlegare arbeidsplassar og pensjonssparinga du eventuelt gjer på eigenhand.
Kor mykje bør eg spara til pensjon?
Svaret på dette er individuelt, og det kjem heilt an på korleis du ønskjer å leva som pensjonist, kor mange år du har arbeidd og kor god pensjonsordning du har via arbeidsgjevaren din.
Kva pensjon kan gå i arv?
Følgjande pensjon kan arvast:
Innskotspensjon
Pensjonskapitalbevis
Eigen Sparing
Følgjande pensjon kan ikkje arvast:
Pensjon frå Folketrygda
Avtalefesta pensjon (AFP)
Fripolise med/utan investeringsval
Ytingspensjon
Kva er IPS?
IPS står for individuell pensjonssparing
Maksimalt sparebeløp per år er 15.000 kroner i 2022. Det var 40.000 kroner i 2021
Årleg skatteutsetjing kan bli inntil 3.300 kroner
Pengane er bundne fram til pensjonsalderen
Kan tidlegast betalast ut frå ein er 62 år
Utbetaling kan minimum skje over 10 år, minst til ein er 80 år. Dersom du får pensjonen betalt ut frå du er 62 år, blir minimum utbetalingstid derfor 18 år
Dersom årleg utbetaling er under 20 prosent av G (grunnbeløpet i folketrygda, 21 280 kroner) kan utbetalingstida setjast ned slik at ein når dette beløpet
Ein kan spare i IPS frå ein fyller 18 år, til ein er 75 år
Sparebeløpet på IPS-kontoen (pensjonskapitalen) går til dei etterlatne dersom kunden døyr før den avtalte utbetalingsperioden går ut
Du kan sjølv velje kvar du ønskjer å ha IPS-avtalen din
Du kan avbryte pensjonsspareavtalen og få skrive ut eit pensjonskapitalbevis. (Dette kan du ikkje ta ut før pensjonsalderen)
Eg ser ikkje all min oppsparte pensjon i Smartspar, kvifor det?
Vi klarer berre å visa det som blir vist hos Norsk Pensjon. Dersom du har pensjon i eit selskap som ikkje sender info dit, eller har oppspart pensjon frå stat eller kommune vil dette desverre ikkje visast