I dag er pensjonistar sprekare, friskare og lever lenger enn før. Oslo-paret Siri Gulseth og Knut Bratås har valt å spare i fond og ser fram til eit aktivt pensjonisttilvære med mykje tid til å gjere akkurat det dei har lyst til. Og planane?

- Eg skal køyre racerbil på Rudskogen, kjem det kjapt frå Knut. Han byrjar å flire.

- Neida, målet er jo å bli gjeldfrie, seier han.

Som mange på sin alder, er paret glade i å reise. Siri er utnemnd reisesjef og tek hand om både planlegging og bestilling av utanlandsturane.

- Ofte tenkjer eg at det er fritida mi eg sparer til, seier ho.

- Berre det å kunne ta seg god tid på biltur gjennom Europa, utan å måtte tenkje på at vi skal på jobb om ei veke, seier ho og kastar eit blikk over Oslo by frå terrasseleilegheita på Ullern.


Sparing er best på børsen

Folketrygda kan gi deg ca. 50 prosent av noverande løn i pensjon. Tenestepensjonen fyller på, men det er sjeldan nok. Skal du ha pengar å rutte med, er det smart å spare sjølv i tillegg. Samtidig som levealder og eventyrlyst når nye høgder blant den eldre garde, blir det også stadig viktigare å legge eit godt økonomisk grunnlag som varer lenge og vel.

Jørgen Sundet er senior marknadsansvarleg i Eika Kapitalforvaltning. Han meiner mange kan tene på å spare i fond.

- Oslo Børs har hatt årleg snittavkastning på cirka 11 prosent dei siste 30 åra. Ingen bankkonto kan matche det, seier han.

Sjekk kor mykje du kan få i pensjon. Ta pensjonskalkulatoren

Siri og Knut har sett verdien i å tenke langsiktig, og meiner at ordinær sparing er ei dårleg investering med den noverande låge renta.

- Då er det betre å sette eit fast månadleg beløp i fond, som har jamn avkastning over lengre tid, seier Siri.


Fridom til å leve det livet ein vil

Det er få ting som ikkje kostar pengar i dag. Difor handlar «det gode liv» i stor grad om handlefridom for Siri og Knut.

- Når eg veit kva eg drøymer om, må eg førebu grunnen for det, slår ho fast. Difor bruker vi litt mindre i livet vi lever no, for å kunne leve på same vis når vi blir pensjonistar.

Jørgen Sundet meiner sparing i aksjefond er mogeleg for alle.

- Sett deg eit mål. Vurder kor god tid du har, og kor mykje du kan spare. Er du usikker, ber du om ein samtale med banken. Ein rådgjevar vil forklare deg alt du treng å vite om risiko og tidsperspektiv, seier Sundet.

Knut har bakgrunn frå oljebransjen og er sjølv oppteken av å sette tydelege mål for å oppnå det han ynskjer.

- Det gode liv kan vere alt mellom himmel og jord. Ein må vere aktiv, ta del i ting og søke å oppnå mål. Då får ein ofte eit kick og kjenner seg bra etterpå, seier Knut.

- Hadde eg fått lov, hadde eg vel leigd ein gamal garasje og kjøpt meg ein 66-modell Jaguar E-type, for eksempel. Det hadde vore fint, Siri? Han ser spøkefullt på sin kjære.

- Ja, seier ho på innpust og ler litt.

- Du drøymer vel heller om å køyre rundt i Europa med ein sportsbil og ha god tid, spør ho.

- Ja, det skal vi gjere, stadfestar Knut og smiler til kjærasten.


Ynsker å fordele godene over tid

Dei fortel at mange av venene også er opptekne av korleis ein kan førebu seg økonomisk, og korleis ein bør forvalte godane frå den offentlege pensjonsordninga.

- Nokre gongar er det ganske så uklart kva som er smart å gjere, seier Knut oppgitt.

Når det kjem til sparing, er det derimot lite som er uklart for Ullern-prat.

- Lev litt spartansk når ein er ung, for å fordele godane over lengre tid, avsluttar Siri.


Klar for å starte sparing i fond?

Ta kontakt med din rådgjevar i dag.