Hopp til innholdet
Tilsette på ein kafé jobbar bak disken, ein mann ser på papir medan andre lagar kaffi og serverer bakverk.
Travle tilsette på kafé: Ein mann går gjennom papir medan kollegaene lagar kaffi og serverer bakverk.
BM Daglig drift

Fleire faktureringsmulegheiter for Eika Bedrift

No har vi lansert ei ny løysing med gebyrfri, elektronisk faktura via Digipost. Løysinga er berekna for bedrifter som ikkje er registrerte i ELMA-registeret, men som ynskjer å ha elektronisk faktura tilsendt. Finn ut meir om dei ulike faktureringsalternativa og vel den som passar best for di bedrift.

EHF-faktura

Er bedrifta registrert i ELMA-registeret vil du motta kredittkortfakturaen som EHF-faktura.

EHF står for Elektronisk Handels Format, som er eit standard format for elektroniske fakturaer. Stadig fleire bedrifter krev elektroniske faktura når dei kjøper og sel selger produkt og tenester.

EHF-faktura har fleire gunstige fordelar:

  • Bedrifta sparar tid og ressursar på elektronisk handtering av faktura
  • Mindre tid brukast til manuell behandling
  • Elektronisk faktura, kreditnota og purring vil spare miljøet for papir og sending av dokument med fly- og biltransport til posten
  • Berre éin stad å levere og hente dokumenta

Elektronisk faktura via Digipost

For å motta faktura elektronisk og gebyrfritt i Digipost må du ha ein firmaprofil i Digipost. Når det er oppretta, vil fakturaene automatisk sendast dit frå og med desember 2022. Dette gjeld berre for firmakundar som ikkje allereie er registrerte i ELMA og mottek EHF.

Papirfaktura

Er bedrifta ikkje registrert i ELMA-registeret og heller ikkje oppretta firmaprofil i Digipost, må vi sende papirfaktura. I dette tilfellet påløper det eit faktureringsgebyr på 40 kroner.

Har du EHF-faktura eller elektronisk faktura via Digipost, men ønskjer papirfaktura i staden, kan du ta kontakt med vårt kundesenter så ordnar vi det.

Visste du at?

Stadig fleire av våre bedriftskundar vel EHF-faktura. Det er enkelt, saumlaust og tidsbesparande.