Hopp til innholdet

Bedriftslån

  • Lån til eigedom, maskiner og produksjonsutstyr
  • Vel mellom fast eller flytande rente, eller ein kombinasjon.
  • Nedbetalingsavtale tilpassa bedrifta sin økonomi.

Lokal kunnskap gir moglegheiter

God kjennskap til nærmiljøet gjer oss til ein god partnar for lokale bedrifter.

Større fleksibilitet

Vi ser moglegheiter der storbankane ser utfordringar. Geografisk nærleik gir oss eit betre beslutningsgrunnlag når vi skal vurdere søknader.

Raske beslutningsvegar

Større kunnskap om lokalt næringsliv og ei mindre bankorganisasjon gjer at beslutningsvegane er korte.

God rådgjeving

Det er viktig at finansieringa passar til bedrifta sine planar på både kort og lang sikt. Derfor set vi oss godt inn i bedrifta sin økonomi før vi anbefaler løysingar som passar til dine behov.

Vårt mål er å sikre drifta av banken og å gi tilbake til lokalsamfunnet – derfor er det viktig for oss at kundane våre gjer det bra.

Kontakt oss om finansiering

Anja Berge Stavrum

Anja Berge Stavrum

Kunderådgjevar Privatmarknad og Bedriftsmarknad

Damir Kovac

Damir Kovac

Teamleiar Bedriftsmarknad

56523506 mobil 91868204

Stig Gunnar Røthe

Stig Gunnar Røthe

Adm. banksjef

56523563 mobil 93030945

Spørsmål og svar om bedriftslån

Eit bedriftslån gir kapital til bedrifter for å dekke ulike behov, som drift eller utviding. Bedrifter i alle størrelsar, frå små føretak til større selskap, kan søkje, så lenge dei møter krava til kredittverdigheit.
For å få eit bedriftslån treng du ein klar forretningsplan, stabil inntening og ein god kredittscore. Vi ser på di og bedrifta si økonomiske historie for å vurdere risikoen vi tar ved å låne ut pengar.
Det kan veljast mellom annuitet og serielån. Eit annuitetslån har lik betaling i kvar periode i nedbetalingstida, medan eit serielån har høgast betaling i starten av nedbetalingsperioden då avdraga er like for kvar periode.
Nedbetalingstida vil vere avhengig av investeringen og bør ikkje overstige investeringsobjektet si økonomiske levetid.
Tryggleik for lånet kan vere knytt til investeringsobjektet eller til fast eigedom.