Telepay og NDR fases ut 1. oktober 2024
XML er det nye formatet for betalingsfiler. Dette må du gjere.
Frå og med 1. oktober 2024 må alle betalingsfiler du skal sende til banken vere i eit ISO 20022 XML-format.
Denne nye internasjonale ISO-standarden for betalingsfiler erstattar dei gamle formata som Telepay og NDR (Nets Direkte Remittering).
Telepay og NDR fases med andre ord ut, og etter 1. oktober 2024 kan du ikkje bruke desse gamle formata lenger.
Kva må eg som kunde gjere?
Er du usikker på om rekneskaps- eller ERP-systemet ditt støttar XML-formatet, vil systemleverandøren din kunne svare deg på det.
Dersom systemet ditt ikkje støttar XML-formatet, må du oppgradere det til ein versjon som handterer dette, eller skaffe deg ei konverteringsteneste.
Vi anbefaler deg derfor at du kontaktar systemleverandøren din så fort som mogleg. Sammen kan de då planlegge korleis de får oppgradert eller konvertert filer til det nye formatet.
Når rekneskapssystemet ditt er oppdatert til å handtere det nye formatet, må du setje opp nye filstiar i nettbanken. Rettleiing for dette finn du under Guidar og filmar for nettbank bedrift.
Kvifor endrast formatet på betalingsfiler?
ISO 20022 XML har blitt innført som ein standard for betalingsmeldingar blant anna for at norske bankar skal vere tilpassa EUs regelverk og krav i Finansavtalelova.
Det er også det einaste formatet som vil bli vedlikehalde i henhold til krava frå myndigheitene og marknaden framover.
I tillegg inneheld den meir detaljert informasjon som gjer det lettare å automatisere og digitalisere prosessane for både den som sender betalinga og den som mottar betalinga.
Ved å erstatte gamle, nasjonale og proprietære (lukkede) format med dette nye formatet, får vi ein internasjonal standard å forholde oss til – og standarden dekker heile verdikjeda frå kunde til bank, bank til bank og bank til kunde.
Med ISO 20022 XML blir betalingsformidlinga meir effektiv og forutsigbar og reduserer behovet for manuell oppfølging.
Dei fleste bankar tilbyr allerede ISO 20022 XML-meldingar for filbaserte betalingstenester og cash management-meldingar.