.jpg?la=nn-NO&h=933&w=1400&mw=1400&hash=F0E3C9DF53F0D618FAECF17DD60EEB15)
Nytt cybersikkerheitsverktøy hjelper deg med å sikre bedrifta
Datasikkerheit blir stadig viktigare. Uansett om bedrifta di har hundrevis av tilsette eller berre deg, er det viktig å beskytte seg mot dataangrep.
Ord som phishing, malware og ransomware har blitt vanlege. Digitale svindlarar blir stadig meir aktive og finn nye måtar å nå måla sine på.
– Ofte prøver angriparane seg på dei tilsette, både i jobb og private kanalar, spesielt når dei er på ferie. Dei veit at vi menneske er sårbare og kan gjere feil. Det er viktig å trene på å vere kritisk til e-postar og meldingar, og vite kva du må gjere (og ikkje gjere) for å unngå å bli lurt, understrekar skadeførebyggar Therese Hofstad-Nielsen i forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Konsekvensane av dataangrep kan vere alvorlege, som økonomiske tap, omdømmetap, juridiske konsekvensar, full stans i drifta eller i verste fall konkurs.
Her er nokre viktige grep og eit nytt gratis verktøy frå Finans Norge som hjelper deg med å finne tiltak for å sikre bedrifta di – før du blir eit mål.
Bli kjent med vanlege truslar og svindelmetodar.
Grunnleggjande datasikkerheitstiltak du bør gjere no
- Bruk sterke passord
Menneskelege feil er den lettaste vegen inn for ondsinna aktørar. Still krav til at alle brukarar av systema dine har sterke passord på minst 16 teikn, som varierer i tal, bokstavar og symbol. - Bruk to-faktor autentisering som påloggingsmetode
Denne metoden legg til eit ekstra ledd i pålogginga. Om nokon gjetter eller får tak i passordet ditt, kjem dei seg framleis ikkje inn, fordi du må godkjenne pålogginga frå ei anna eining. Som regel frå mobilen din. - Gjer regelmessige sikkerheitsoppdateringar
Sørg for at all programvare og alle system er oppdaterte. Oppdateringar inneheld ofte viktige sikkerheitsfikser som beskyttar mot kjente sårbarheiter. - Sikkerhetskopier den viktige informasjonen
Gjer jamlege sikkerheitskopieringar av alle viktige data og oppbevar dei på ein sikker stad. Dette gjer at du kan gjenopprette dataene dine om du blir utsett for eit løysepengevirus. - Tren dei tilsette
Den enklaste vegen inn for ondsinna aktørar er gjennom menneske, ikkje system. Tren dei tilsette på korleis dei kan kjenne igjen eit forsøk på å lure dei og kva dei skal gjere om nokon prøver seg. - Cyberforsikring
Uhellet kan framleis vere ute sjølv om du har gjort alle dei rette tinga. Uhell skjer, og nye svakheiter dukkar opp. Når du står i det, vil du setje pris på ei forsikring som både hjelper deg gjennom angrepet og med å rydde opp etterpå.
Nytt cybersikkerheitsverktøy lar deg finne de rette tiltakene
Finans Norge Forsikringsdrift har lansert eit nytt cybersikkerheitsverktøy, som kan hjelpe bedrifter med å styrke datasikkerheita si. Verktøyet gjer sikkerheitsvurderingar av bedrifta di og foreslår tiltak for å dekke over sikkerheitshol. Verktøyet er sett opp som ein nettquiz der du svarar på spørsmål om sikkerheita i selskapet i dag.
Datasikkerheit blir berre meir nødvendig framover, og det er lurt å finne dei svake punkta sine før nokon andre gjer det. Bruk cybersikkerheitsverktøyet for å sikre bedrifta di, og når du har ei cyberforsikring hos oss, er vi der om skaden skjer.
Kva gjer du om du blir utsett for dataangrep?
1: Koble av nettverket, både trådlaust og kabel
2: Kontakte sikkerheitsansvarleg i bedrifta di
3: Ta kontakt med Fremtind sin døgnopne naudtelefon: 91 50 98 01