
El-kontroll med termografering avdekkjer kritiske feil
To av tre brannar i landbruket skuldast feil i elektrisk anlegg eller utstyr, viser tal frå Landbrukets brannvernkomité.
Alle gardseigarar bør gjennomføre el-kontroll med termografering for å avdekkje eventuelle feil, og gjere tiltak før skaden skjer.
– Med termografering får du avdekt unormalt varme punkt i anlegget, fortel Morten Steien Haslev, dagleg leiar og el-kontrollør i El-sikkerhet Midt-Norge AS. Det er viktig for å hindre at brann oppstår.
Bruk seriøse aktørar som tek sikkerheita på alvor
Når du skal bestille el-kontroll med termografering kan det vere freistande å gå etter pris, men det er viktig å sikre at aktøren du vel vel din sikkerheit på alvor og gjennomfører ein grundig kontroll av ditt anlegg.
– Vi ser at mange gjennomfører termografering utan belastning, og då oppdagar du ikkje potensielle feil. Det er også viktig å sjekke heile installasjonen, og ikkje berre sikringsskapet, for å finne skjulte feil som kan liggje i til dømes brytarar, stikkontaktar og koplingsboksar, opplyser Haslev.
– Eg opplever å finne feil overalt, og det er på førehand vanskeleg å seie kvar feilen kan vere. Difor er det viktig å kontrollere alt for å unngå framtidige skadar, seier Haslev. Eig du gard er det ikkje berre driftsbygningen som treng el-kontroll med termografering, alle hus og bygg bør også sjekkast.
– Som el-kontrollør ser vi eit samanhengande el-anlegg uavhengig om bygget heiter uthus, våning eller driftsbygning. Ein feil i eit el-anlegg kan gi skade i heilt andre delar av anlegget. Så sjekk alltid alt på garden, oppfordrar Haslev.
Få inntil 35 prosent i sikkerheitsrabatt på forsikringa
Vi er opptekne av skadeførebygging, og belønnar våre kundar som tek dette på alvor. Har du godkjent el-kontroll med termografering og tilhøyrande rapport som ligg i databasen til FG-kontroll, får du inntil 35 prosent sikkerheitsrabatt på forsikringa di hos oss.
Rapporten må liggje i arkivet som blir administrert av Finans Norge og FG.
Kontroller anlegget kvart tredje år
Det er viktig at el-kontroll av anlegg blir gjennomført med jamne mellomrom. Myndigheitene stiller krav til at det blir gjennomført el-kontroll med termografering kvart tredje år for driftsbygningar. Det er du som eigar av garden som er ansvarleg for å bestille el-kontroll. Avdekkjast det feil eller manglar i det elektriske anlegget er det også du som eigar som må sørgje for at det blir gjort tiltak og retta opp innan gitte fristar.