
Uver fører til tapte avlingar
Vi held fram med å høyre at vêret skal bli våtare og villare. Sjølv om det allereie er vått, vilt og uforutsigbart nok. Tørke, flaum og ekstremregn kan setje eit heilt års arbeid i fare på kort tid, og få ting er verre enn å berre måtte vente på at vêret lèt deg starte innhaustinga.
Uver kan vere ei stor utfordring for landbruket. Tørke, flaum og ekstremregn fører til dei største avlingstapa i Noreg. Desse hendingane kan skade avlingane dine på ulike måtar, og det er viktig å vere førebudd.
Tørke
Når vi heile tida høyrer om at det skal bli våtare og villare, er det lett å gløyme for mange i byane at tørkeåra gjekk kraftig utover landbruket. For å førebu deg på tørkeperiodar, kan du vurdere å byggje gode vatningssystem på førehand og velje tørkeresistente avlingar og plantesortar. Særleg i 2018 opplevde vi store tap av avlingar på grunn av tørke.
– Då er det utruleg leit å vere vitne til bonden som går langs vegen for å konstatere at årets livsverk er lagt i grus, seier Therese Hofstad-Nielsen som er skadeførebyggjar i forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Flaum
Flaum kan oversvømme jordene dine og øydeleggje avlingane, spesielt om du er nær ei elv. Det er viktig å ha gode dreneringssystem på plass for å leie bort overflødig vatn. I tillegg kan du plante avlingar som toler fuktige forhold betre om det er stor risiko der du bur.
Ekstremregn og stormar
Ekstremregn og stormar kan skade avlingar ved å slå dei ned eller føre til jorderosjon. For å verne avlingane dine, kan du plante dekkvekstar som held jorda på plass. I det doble uåret 2023 opplevde vi både tørke på forsommaren og ekstremregnet Hans på seinsommaren, noko som førte til store avlingstap.
Regn ute av sesong
Når det regnar for lenge på feil tid på hausten, kan du ende opp med å berre sjå på at avlinga går i stykker. Enten det er fordi ho står der ute og spirer, går heilt tapt eller taper kvalitet av andre grunnar. For å handtere dette kan du vurdere å bruke vêrbeskyttelse som plastdekke.
Avlingsforsikring hjelper når alt går gale
Når uveret slår til og avlingane dine går tapt, kan avlingsskadeforsikring vere eit godt tilskot til statens avlingsskadeerstatning. Du kjenner vekstforholda dine best, og vi kan forsikring der du er. Ta ein prat med oss om kva drifta di treng.