Kva er eigentleg Digitalt kort, og kvar finn eg det?

  1. Digitalt kort er rett og slett plastkorta dine – berre digitalt. Det kan mellom anna brukast til å handle på nettet, i appar og til mobil- og klokkebetaling. Perfekt når du må oppdatere abonnementstenestene dine.
  2. Når du klikkar deg inn på Digitalt kort, får du opp eit bilete med kortnummeret ditt, utløpsdato og tryggleikskode. Av tryggleiksgrunnar vil biletet berre bli vist i 60 sekund før vindauget blir lukka automatisk.
  3. Du finn dei digitale korta dine under kortoversikta i nett- og mobilbanken din.


Dette vil gjere kvardagen mykje enklare for deg som kunde, spesielt når du skal betale i appar og handle på nettet, seier Sverre Skagestad, fagsjef for kort og betaling i Eika Gruppen.   

Har du problem med å finne ut av det digitale kortet ditt? Her finn du meir informasjon.

Raskare tilgang til kortdetaljar ved bestilling av nytt kort

Bestiller du nytt bankkort eller legg inn søknad på nytt kredittkort før kl. 19.00 kvelden før, vil du både kunne sjå og ta i bruk dei nye kortopplysningane dine i løpet av neste dag. Du treng altså ikkje vente på at plastkortet ditt skal bli produsert og sendt i posten før du kan bruke kortet ditt i appar og handle på nettet.

Ønskjer du å lese meir om våre kredittkort? Då finn du informasjonen du treng her.

 

Kva skjer dersom eg mistar bankkortet mitt?

Skulle du vere så uheldig å miste kortet ditt, må du bestille nytt kort og sperre det gamle. Då vil også det digitale kortet bli sperra. Du vil få nytt Digitalt kort i nett- og mobilbanken.

 

Vi lét nokre av kundane våre teste Digitalt kort.

Korleis var den første opplevinga di med digitaliserte kort?

– No fekk eg nettopp nytt kort, så då er det digg å berre kunne bruke det digitale kortet frå sofaen, på bussen eller andre stader for å oppdatere kortinformasjonen i Ruter-appen, Dplay og Spotify. Raskt og enkelt – det likar eg, seier Sunniva (26).

– Eg opplevde nyleg å bli fråstolen lommeboka mi på reise. Eg betalar ofte med Google Pay på telefonen min, så heldigvis hadde eg tilgang til Digitalt kort der det nye kortet mitt blei tilgjengeleg allereie dagen etter bestilling. Det redda reisa mi, seier Kjetil (53).

– Eg brukar klokkebetaling i dei butikkane der det er tilgjengeleg, og det at banken min har fått på plass Digitalt kort, gjer rett og slett kvardagen min meir smidig og betre. Det set eg stor pris på, seier Kristian (36).

 

Digitalt kort er allereie tilgjengeleg for deg som er kunde hos oss, så no er det berre å kome i gang. Er du ein av dei som ofte fyller handlekorga digitalt? Få nokre gode råd til sikker netthandel her.