Ein identitet er så mykje meir enn berre eit namn og eit nummer. Du eksisterer ikkje utan, og heile livet ditt er bygt opp rundt elleve små tal. Dermed er identiteten din noko av det mest dyrebare du eig, og det er det dessverre nokon som veit å utnytte. Ein stolen identitet kan i verste fall bli til ein årelang kamp som kan koste deg mykje tid og pengar.

Ta grep sjølv
Finansnæringa er underlagt eit strengt regime i kvitvaskingslovgivinga, og har lagt store ressursar i å sikre kontrollmekanismar og kompetansen blant dei tilsette. Men det aller beste er om vi hjelper til sjølv. Ved å følgje enkelte forholdsreglar, kan du gjere jobben mykje vanskelegare for kriminelle. Her får du seks gode råd:

1. Oppgi aldri sensitiv informasjon til ukjente over telefon, e-post eller internett, med mindre du sjølv har teke intiativ til kontakt.

2. Invester i ein lås til postkassa di, og gjer det umogeleg å endre adresse over nett. Dette kan Posten hjelpe deg med.

3. Pass godt på dokument som inneheld personopplysningar. Desse bør anten vore låst inne i ein safe eller bankboks, eller brennes/ blirmakulert.

4. Bruk brannmurar, virusprogram og antispionprogrammar til å verne den private datamaskina di.

5. Tenk over kva du legg ut på sosiale medier. Mange kriminelle samlar opp informasjon over tid, før dei slår til. Slike angrep kan ende opp med å bli svært omfattande og kostbare.

6. Pass på at heile familien har god kjennskap til korleis ein bruker internett på ein trygg måte. Det inkluderer blant anna val av passord, klikking på ukjente lenker og surfing på sikre nettsider.

Meir forsiktige
- Frå 2014 har antall ID-tjuveri gått ned, for første gong. Folk har blitt meir bevisste, men det manglar framleis ei grunnleggjande haldning i næringslivet om at identitetskontroll er viktig for å sikre kunden, ikkje berre bedrifta, seier Christian Meyer i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

Meyer er prosjektleiar for ID-tjuveriprosjektet idtyveri.info som har som formål å redusere og brems omfanget av identitetstjuveri, samt misbruk av personopplysningar. Til tross for nedgangen, meiner han det er god grunn til uro, og at det er behov for overordna reglar kor ID-dokument må utstedes på eit sikrare grunnlag enn kva som er tilfelle i dag.

- Sakene blir større. Det har dei siste årene vore to rettsaker i Oslo Tingrett der beløpa har passert millionen og antall ofre har vore tosifra, seier han.

Følg med i postkassa
Om du blir utsett for ID-tjuveri, vil du sannsynlegvis ikkje avdekkje sjølve tjuveriet sjølv.

- Du oppdagar det når den stolne identiteten faktisk blir nytta. Då vil ein person som oftast ha tilgang til personinformasjonen til kunden, og i nokre tilfelle er også
forfalska legitimasjonsdokument, seier Steingrim Soug, sikkerhetssjef i Eika Gruppen.

Den enklaste måten å oppdage eit ID-tjuveri på, er å følgje med i postkassa. Mottek du for eksempel rekningar, gjenpartsbrev etter kredittsjekk eller meldingar om adresseendringar du ikkje kjenner til, er det stor fare for at du er blitt utsett for tjuveri. Du bør også sjå etter ukjente transaksjonar på kredittkortrekninga di.

- Det viktig å vere vaktsam og ha oversikt over personleg økonomi. Mottek du informasjon frå leverandørar av tenester/varar du ikkje kjenner til, er det viktig at du raskt avklarer kva forhold desse leverandørane meiner dei har til deg. Dette er ein tidskritisk prosess, understrekar Soug.

Slik unngår du kortsvindel

Min identitet er stolen – kva no?
Får du mistanke til dei personlege opplysningane dine har hamna i hendene på kriminelle, bør du altså raskt ta affære for å avgrense skadane.

- Det er viktig å melde alle slike forhold, uansett om dei blir etterforska eller ikkje, seier Christian Meyer.

Deretter må du begynne å rydje opp i rotet, og skaffe ei oversikt over omfanget av tjuveriet.

- Kunden har ikkje noko ansvar for handlingar andre gjer i namnet til kunden så lenge ID-ein er stolen. Men du kan bli gjord medansvarleg dersom du ikkje melder frå om tjuveriet når du oppdagar det, har vore uaktsamt eller har medverka til tjuveriet, forklarer Soug.

Kilder: Jan Daniel Juniszewski - FNO, Idtyveri.info, Datatilsynet, Nettvett.no